Oranienburg er ein by og ein kommune i forbundslandet Brandenburg i Tyskland, 35 kilometer nord for sentrum av Berlin. Kommunen, som hyser administrasjonen i Landkreis Oberhavel, har 48 000 ibuarar og dekker 163,7 km².

Soge Byen Bochzowe fekk byrettar i 1232 og voks ved av handel med fisk og landbruksvarer. Frå 1483 heitte byen Bötzow. Under trettiårskrigen vart byen plyndra og brent ned. I 1646 sette den lokale herskaren i gang byggjinga av Schloss Oranienburg og bynamnet vart endra til Oranienburg.

I 1930-åra vart byen eit symbol på det tyske terrorstyret, ettersom nazi-partiet her bygde ein av dei fyrste konsentrasjonsleirane. Erich Mühsam vart drepen i den leiren. Seinare vart konsentrasjonsleiren Sachsenhausen oppretta i utkanten av Oranienburg.

Fysikaren Walther Bothe var frå Oranienburg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oranienburg» frå , den 27. oktober 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Brandenburg Kategori:Kommunar i Brandenburg