Midsundholmen er ei øy vest i Molde kommune, i sundet mellom Midøya og Otrøya. Brua mellom dei to øyane går over holmen.

Frå tidleg på 1700-talet var det ein husmannsplass på holmen. Ved folketeljinga i 1900 budde det seks personar her.Folketeljing 1900 for Aukra herred, frå Digitalarkivet Han vart fråflytta mot slutten av 1900-talet.

Kjelder

Johan Julnes, Midsund, gard og slekt II, Midsund kommune, 2003

Kategori:Øyar i Molde