Distriktet Dubăsari (rumensk Raionul Dubăsari) er eit distrikt i Moldova. Distriktet omfattar 11 landkommunar.

Delt distrikt Det opphavlege distriktet Dubăsari låg på båe sider av elva Dnister. Etter Transnistriakrigen er distriktet delt mellom Moldova og eit distrikt med same namn i Transnistria, men slik at Moldova òg kontrollerer delar av området på austsida av elva. I praksis er Transnistria delt i to av moldovisk-kontrollerte område. Hovudbyen Dubăsari er kontrollert av Transnistria, slik at distriktet i Moldova ikkje har nokon by. Landsbyen Cocieri fungerer som hovudsete for distriktet.

Folketal Folketal 2004 Folketal 2014 Cocieri 4 336 3 885 Corjova 3 231 – Coșnița 5 699 5 545 Doroțcaia 3 206 3 038 Holercani 2 522 2 271 Marcăuți 730 709 Molovata 2 936 2 556 Molovata Nouă 1 851 1 997 Oxentea 2 794 2 514 Pîrîta 3 415 3 413 Ustia 3 295 3 343 Distriktet Dubăsari 34 015 29 271

For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnader. Dette var dei største busetnadene i distriktet Dubăsari i 2004:

Kommune Folketal 2004 Coșnița Coșnița 4 996 Cocieri Cocieri 4 151 Pîrîta Pîrîta 3 415 Ustia Ustia 3 295 Doroțcaia Doroțcaia 3 206 Molovata Molovata 2 936 Oxentea Oxentea 2 794 Holercani Holercani 2 522 Corjova Corjova 2 055 Molovata Nouă Molovata Nouă 1 851

Merknader

Kjelder Referansar

Dubasari