Håholmen er ei øy i Averøy kommune, vest for Averøya. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Håholmen var busett iallfall frå 1600-talet av, og frå 1720-talet av låg det ein handelsstad her. Det var fiskevær fram til 1935. I dag ligg det eit hotell her, med eit trettital bygningar tilbake til 1700- og 1800-talet. Det vart opna på midten av 1980-talet.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet 8 14

Håholmen var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 då Averøy kommune vart oppretta.

Kjelder

Kategori:Øyar i Averøy