Flatøya er ei øy i Kristiansund kommune, ved vestkysten av Frei. Ho har vegsamband via Brattøya og Amundøya til Frei. Øya utgjer ein eigen matrikkelgard.

Det er først nemnd busetjing på øya i skriftlege kjelder i 1610. Ved folketeljinga i 1900 er det nemnt 43 personar busette her.Folketeljing 1900 for Frei herred, frå Digitalarkivet

Flatøya var del av Frei kommune fram til 2008 då Frei vart innlemma i Kristiansund.

Kjelder

Hans Hyldbakk, Gards- og ættesoge for Frei, Frei kommune, 1971

Kategori:Øyar i Kristiansund