Masaiar er eit semi-nomadisk folkeslag som held til i området sør for Victoriasjøen i Afrika, i grensetraktene mellom Kenya og nordlege Tanzania. Folkegruppa held særleg til i Riftdalen, på savanna i Masai Mara og Serengeti-området. Masaiane taler maa, eit språk som høyrer til den nilosahariske språkgruppa.

Tradisjonelt har masaiane drive kvegdrift med zebukveg, men det er også blitt vanleg med saue- og geitehald. Saueslaget deira blir kalla raud masaisau og er av typen tjukkhalesau, ein type sau som lagrar kroppsfeittet i bakparten, omtrent som dromedaren lagrar det i ein pukkel. Dette gjer sauen meir toleg i tørketida, då han kan tæra på den opplagar feittreserven.

Gallero

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Masaier» frå , den 7. november 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Afrikanske folkegrupper Kategori:Folkegrupper i Kenya Kategori:Folkegrupper i Tanzania