Instefjord-Lavik-Vadheim var eit ferjesamband over Sognefjorden mellom Instefjord i dåverande Brekke kommune, Lavik i dåverande Lavik kommune og Vadheim i dåverande Kyrkjebø kommune. Sambandet opna den 2. juli 1955 som del av eit sumarleg gjennomgåande veg- og ferjesamband mellom Bergen og Sunnfjord. Frå Bergen var det veg nordover til Hordvik i dåverande Åsane kommune, og fyrste ferjesamband Steinestø-Knarvik over Salhusfjorden. Frå Knarvik i dåverande Hamre kommune gjekk vegen nordover til Lindås i dåverande Lindås kommune, og nordaustover til Fonnebostsjøen og det andre ferjesambandet Fonnebost-Solheim over Fensfjorden og innover Masfjorden. Vidare frå Solheim gjekk vegen til Instefjord og det tredje ferjesambandet Instefjord-Lavik-Vadheim.

Fylkesbaatane sette inn MF «Vetlefjord» på det nye sambandet, og turen over Sognefjorden tok om lag ein time. På denne tida hadde korkje Lavik eller Instefjord ferjekai, og bilane måtte køyra om bord på sliskar. Derimot var det høveleg ferjekai i Vadheim, det nordaustlege vendepunktet på ruta med veg vidare mot Førde.

I 1957 vart Fonnebost erstatta av Sævråsvåg som ferjeleie for sambandet over til Solheim. Vegen til Sævråsvågen gjekk austover frå Vågseidet sør for Lindås.

Samanhengande veg mellom Lavik og Vadheim opna i 1960, og Vadheim vart sløyfa frå sambandet.

I 1964 vart Oppedal lagt til som eit mellomstopp, og året etterpå vart Instefjord erstatta av Brekke. Med dette fekk sambandet den nye forma Lavik-Oppedal-Brekke.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Tidlegare ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Høyanger Kategori:Skipingar i 1955 Kategori:Nedleggingar i 1965