Nordstjerna eller Polarstjerna, som au er kjent under det latinske namnet Polaris (α UMi / α Ursae Minoris / Alfa Ursae Minoris), er den sterkaste stjerna i stjernebiletet Den vesle bjørnen og den 45. mest lyssterke på nattehimmelen. Ho er svært nær den himmelske nordpolen og er difor den noverande polstjerna.

Ho er ei multippelstjerne som består av hovudstjerna Alfa (som er ei superkjempe), dei to midnre følgjestjernene Alfa UMi B og Alfa UMi Ab, og to fjerntliggande komponentane Alfa UMi C og Alfa UMi D. Alfa UMi B vart oppdaga i 1780 av William Herschel.

Avstanden frå jorda er kring 325-425 lysår.

I gamal samisk tru var Polarstjerna verdspillaren som heldt himmelkvelvinga oppe og som dei andre stjernene krinsa kring. På samisk heiter stjerna boahji, boahi eller boahji-návli.

Kjelder Gaski, Harald. (14. februar 2009). Boahji. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/boahji. Denne artikkelen bygger på «Polaris» frå , den 4. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Ursae Minoris, Alfa Ursae Minoris, 01 Kategori:Kefeidar Kategori:Hovudseriestjerner klasse F Kategori:Superkjemper klasse F 08890 011767 0424 Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Trippelstjerner Kategori:Den vesle bjørnen Kategori:Objekt mindre enn 1000 lysår frå jorda