Joøya er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, sør for hovudøya Smøla. Øya har ikkje fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Øya er først nemnt som busett i skriftlege kjelder i 1632. Frå 1860-talet var det to huslydar som budde på øya. Ho vart fråflytta rundt midten av 1900-talet.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 3 13 0

Joøya var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.

Kjelder

Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989 Kulturminnesøk

Kategori:Øyar i Smøla