NOKAS-ranet var ranet på ein teljesentral i Kongsgata i Stavanger tilhøyrande Norsk Kontantservice (NOKAS) den 5. april 2004, ca. klokka 8.00. Ein politimann vart skoten og drepen under ranet.

Ranarane var utstyrte med skotsikre vestar, hjelmar, finlandshetter, hanskar og kjeledressar, og var væpna med AG3 gevær, MP5 maskinpistolar, Kalashnikov automatgevær, M1 Karabin og Remington pistol i kaliber .45 ACP. Samtidig som teljesentralen vart angrepet vart utkjørselen frå Stavanger politistasjon blokkert med ein Volvo lastebil som vart sett i brann. Dei hadde plassert fluktbilar i Sørmarka utanfor Stavanger sentrum. Ei glasrute i teljesentralen vart knust ved hjelp av sleggje, rambukk og 113 skot avfyrte med automatvåpen. Fleire av dei tilsette klarte å flykta og minst sju ranarar tok seg inn i teljesentralen. Samtidig heldt fleire av ranarane vakt ute ved Domkirkeplassen. Det vart avfyrt ei rekkje skot mot politiet og bilane til politiet. Politiførstebetjent Arne Sigve Klungland vart skoten og drepen i denne skotvekslinga. Gjerningsmennene kom unna med 57,4 millionar kroner i ransutbytte, noko som gjer dette til det største ranet i noregshistoria.

Førebuingane til ranet David Toska tilhøyrde eit miljø i Oslo som bestod av fleire som var involverte i NOKAS-ranet. Nokon i miljøet var domfelte tidlegare, andre ikkje. Det var ein forholdsvis stor vennegjeng, nokon hadde halde saman heilt sidan skuledagane, andre var nyare kjenningar. Felles var m.a. interesse for spenning og problemløysingar av mange slag (Toska var ein habil sjakkspelar mellom anna). Desse eigenskapane kopla med fleire spesielle forhold hausten 2003/ vinteren 2004 skulle visa seg å bli skjebnesvangre for alle involverte.

I november 2003 leigde David Toska Skjeneholen 61 i Sandnes. Gjennom ein kontakt disponerte han Nedre Dalgate 41 på Storhaug i Stavanger. Han bur i Skjeneholen med sambuaren sin og den nyfødde son sin. Seinare leigde Kjell Alrich Schumann ei sokkelleilegheit på Hundvåg rett utanfor Stavanger. Leilegheita i Nedre Dalgate vart brukt som dekkleilighet etter ranet. Ransutbyttet og fleire av ranarane oppheldt seg der.

Senvinteren 2004 prøvekøyrde ranarane fluktruta frå Stavanger sentrum til Sørmarka. Ruta gjekk delvis langs gang- og sykkelstiar, nokre av dei uferdige. Der ruta gjekk langs sykkelstiar eller i undergangar, gjekk ranarane opp ruta, for ikkje å vekkja unødig oppsikt.

Under tingrettsbehandlinga av NOKAS-ranet kom det fram at politiet var godt orientert om faren for eit anslag mot NOKAS i den aktuelle perioden. Visepolitimeister i Stavanger, Arne Hammersmark gjorde greie for følgjande punkt i forklaringa si:

To Ford Expedition hadde vorte stole på Hamar. Ein Volvo XC som angiveleg kunne knyttast til Kjell Alrich Schumann, hadde vorte observert. Samtidig var fleire minibankar sprengde. Alt dette skjedde på det indre Austlandet, der den etterlyste Schumann var kjend for å operera. Fleire sentrale personar i ransmiljøet var gått under jorda. Det gjekk rykte om at enkelte av dei kunne ha teke opphald i Stavanger-området. Vektarar hadde observert mogleg spaning på NOKAS-lokalet og ein pengetransport.

Ransforløpet mini|Noregs Banks Stavanger-bygning. 5 april 2004

3.30: Sju eller åtte ranarar vert henta i rekkehuset i Skjeneholen og kjøyrd til oppmarsjplassen i eit skogholt i nærleiken av Tennisland. Varebilen returnerte så til Skjeneholen, og tok dei restande ranarane, samt madrassar, sengetøy og anna utstyr som skulle dynkast med brennbar væske og påtenes i lastebilen som skulle sperre utkjørselen frå politikammeret. 6.55: Kjell Alrich Schumann vert observert på Domkirkeplassen (troleg Ridvan Halimi i Forden). Ein kvit lastebil med overbygd plan vert observert ved Brødrene Kvernelands gamle lokale på Lagårdsveien. 7.00: Ein Ford Expedition med påsatt registreringsnummer BP 50471 passerer eit overvåkingskamera på Lagårdsvegen. Tre sekund seinare passerer den stjålne lastebilen. 7.16: Forden passerer det same overvåkingskameraet i motsatt retning (borte frå sentrum). 7.29: Den tredje ransbilen, ein sølvgrå Saab 9-5 med påsatt registreringsnummer DK 38262, passerer overvåkingskameraet på Lagårdsvegen. 7.40: Alle elleve ranarar er samla på andre sida av gata for overvåkingskameraet på Lagårdsvegen. Dei er då kledde og væpna for ranet. 8.00: Johnny Thendrup kjøyrer den kvite lastebilen ned i oppkjørselen til Stavanger politistasjon i Lagardsveien og set fyr på den. Han kastar òg fleire beholdarar med tåregass framfor hovudinngangen til politistasjonen. 8.01: Ein Range Rover med påsatt registreringsnummer AX 72271 parkerar utanfor tellesentralen. Sekunder seinare passerer Saaben og parkerar utanfor ruinene av Mariakirken. 8.02: Range Roveren har sett av ranarane og snur no for å ta oppsetting utanfor Handelens Hus. Ranerne, iklede mørke kjeledressar, gassmaskar og hjelmar, forsøker å slå seg inn i Nokas-lokalet frå bakgården med slegge og rambukk. Spesialglasset gjev ikkje etter. 8.03: David Toska skyt først sjølv mot spesialglasset som fører inn i Nokas frå bakgården. Ransalarmen vert utløyst. Toska tek Schumann som tømmer fleire magasinar med sitt AG3-gevær mot ruten. Om lag 120 skot blir avfyrte. Ruten fell inn. 8.05: Johnny Thendrup, som har sete fyr på den kvite lastebilen utanfor politistasjonen, set seg i Forden saman med Halimi og kjører mot Domkirkeplassen. 8.07: Forden ankommer Domkirkeplassen og stopper ved sidan av Saaben. 8.08: Politibetjentarane Erik Håland og Steffen Thesen ankommer Domkirkeplassen i ein Volvo politibil. Dei stoppar i Kirkegata og tek oppsetting på hjørnet av Hennes & Mauritz-butikken. Inne i telleentralen byrjar minst sju ranarar å pakka kontanter ned i mørke baggar. Ransbeløpet utgjer 57,4 millionar kroner. 8.10: Kjell Alrich Schumann går ut av NOKAS-bygget og ned mot Klubbgaten. To andre ranarar held vakt ved Saaben som er parkerte ved dei rekonstruerte ruinene av Mariakirken. Ein av dei er Johnny Thendrup. 8.12: Den sivile polittimannen Fred Sherling vert overraska av Kjell Alrich Schumann i krysset Kongsgata/Klubbgata. Schumann siktar på Sherling med AG3-geværet og spør "Kven er du?" Sherling svarar ikkje, men strekkjer hendene i været. "Kom hit", seier Schumann og kommanderer Sherling i bakken. 8.14: Skuddveksling mellom politi og ranarar over Domkirkeplassen. Johnny Thendrup vert skote i høgre lår av politibetjent Erik Håland. Håland losna totalt 17 skot under ranet. Kollega hans Thesen løyste tre skot. 8.15: Ein passerande syklist, Olav Arnt Hopsdal, vert lagt i bakken av ranaren som står saman med Thendrup. Hopsdal trur under heile ransforløpet at det er politimenn som har lagt han i bakken. Først då ranarane krasjer byrjar han å stusse. 8.17: Kjell Alrich Schumann skyt med AG3 mot kommandobil til politiet utanfor Maritime hotell i Kongsgata. I kommandobilen sit politiførstebetjent Arne Sigve Klungland. Klungland ryggjer bilen, men må stoppe då han møttar ein bus. Han vert treff i hovudet av ein av skota og døyr etter kort tid. Den sivile politimannen Fred Sherling rømmer då Schumann skiftar magasin eller legg sikta på AG3-geværet sitt (forklaringa avviker). Sherling melder seinare om sambandet. «Eg blei tatt te gissel her i ste, eh, blei lagt i bakken, han skjøyt me skarpt rett over håve på meg» – «Eh, eg kom meg unna, han måtte lada om» 8.19: Ranarane forlet Domkirkeplassen i dei tre bilane. Toska sit i Forden. På veg ut av Domkirkeplassen kjøyrer Range Roveren inn i høgre forskjerm og støtfangar på Saaben. 8.25: (usikkert tidssangiving) Ransbilane stopper i nærleiken av bilbytte-staden i Sørmarka. Støtfangaren til Saaben skraper i asfalten. Toska og Halimi kjem ut. "Hva skjer her?" spør Halimi. Han har fått streivskot i hovudet. Støtfangaren på Saaben blir reist av og etterlate. 8.30: Dei tre ransbilane brenn opp på parkeringsplassen ved trafo-stasjonen ved Sørmarka, sørvest for Stavanger sentrum. Ranarane tek seg vidare i ventande bilar.

Arne Sigve Klungland Klungland (fødd 1950) var ein norsk politiførstebetjent som vart drepen under NOKAS-ranet. Han vaks opp i Flekkefjord, var gift og hadde to barn. Ved sida av arbeidet i politiet var han aktiv i kyrkjelydsarbeid i heimbygda Riska.

Etterforsking og arrestasjon Under etterforskinga vart 13 personar sikta i samband med ranet. David Toska vart arrestert av spansk politi i Malaga 5. april 2005, nøyaktig eitt år etter ranet fann stad. Ei veke seinare tilstod han å ha delteke i ranet, men nekta for å ha skote politikonstabelen Klungland. Toska, som blir rekna som hjernen bak ranet, stod på den tid også tiltalt for ei rekkje andre ran.

Kort tid etter Toskas arrestasjon vart 11 av dei 12 andre ranarane arresterte i tur og orden; berre Jusuf Hani klarte å unngå å verte teke, og vart først arrestert idet han melde seg til politiet fem år seinare.

Personar som vart dømde i saka

Personar som vart dømde i 2007 +NavnFødeårFødestedBiografiDom i tingretten i 2006Dom i lagmannsretten i 2007Dom i høgsterett i 2007Lars-Erik Andersen1976Danmark15 års fengsel8 års fengsel9 års fengselMetkel Betew1978Oslo16 års forvaring med ei minstetid på 10 år12 års forvaring16 års forvaring med en minstetid på 10 årAlf Henrik Christensen1962Arendal13 års fengsel8 års fengsel11 års fengselRidvan Halimi1979Mitrovica, Kosovo15 års forvaring med ei minstetid på 10 år11 års fengsel15 års fengselErling Havnå1957Oslo17 års fengsel14 års fengsel16 års fengselIkmet Kodzadziku1980Jugoslavia15 års fengsel11 års fengsel13 års fengselDan Pettersen1975Sandnes15 års fengsel8 års fengsel11 års fengselKjell Alrich Schumann1966Hedmark16 års forvaring med ei minstetid på 10 år13 års fengsel16 års forvaring med en minstetid på 10 årJohnny Thendrup1965Oslo13 års fengsel11 års fengsel13 års fengselThomas Thendrup1971Oslo16 års forvaring med ei minstetid på 10 år14 års fengselAnket ikkeDavid Aleksander Toska1975Bergen19 års fengsel15 års fengsel18 års fengselThomas Oscar Ingebrigtsen1979Sandnes4 års fengsel3 års fengsel4 års fengsel (hvorav 3,5 år er betinget)William "Skippern" Pettersen1948Drammen6 års fengsel4 års fengselAnke forkastet

Personar som vart dømde på eit seinare tidspunkt +NamnFødeårFødestadBiografiTingrett (2007)Lagmannsrett (2008)Høgsterett (2008)Ein NOKAS-vektarca 19803 års fengsel3 års fengsel3 års fengsel og same erstatningsansvar som ranarane +NamnFødeårFødestadBiografiTingrett (2010)Lagmannsrett (2011)Jusuf Hani1980Makedonia9 års fengsel6,5 års fengsel

Rettssaka i Stavanger tingrett Rettssaka, som starta i Stavanger tingrett 19. september 2005, vart leidd av sorenskrivar Helge Bjørnestad. Aktorar var statsadvokat Arild Dommersnes og statsadvokat Tor Christian Carlsen. Dommen fall fredag 10 mars 2006..॥॥

Rettssaka vart halden i forsamlingslokala til kyrkjelyden Kristen teneste på Forus.

Då rettssaka byrja sat det 13 menn på tiltalebenken.

Den tiltalte, forsvararar og dom Oversikt over dei tiltalte, og dessutan dommen til den enkelte i tingretten.

Lars-Erik Andersen (forsvarar Steinar Wiik Sørvik) – 15 års fengsel. Metkel Betew (forsvarar Marius Dietrichson) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år. Alf Henrik Christensen (forsvarar Erik Lea) – 13 års fengsel. Ridvan Halimi (forsvarar Trygve Staff) – 15 års forvaring med ei minstetid på 10 år. Erling Havnå (forsvarar John Christian Elden) – 17 års fengsel. Ikmet Kodzadziku (forsvarar Abdelilah Saeme) – 15 års fengsel. Dan Pettersen (forsvarar Erling Kjærmann) – 15 års fengsel. Kjell Alrich Schumann (forsvarar Morten Furuholmen) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år. Johnny Thendrup (forsvarar Johnny Veum) – 13 års fengsel. Thomas Thendrup (forsvarar Ellen Holager Andenæs) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år. David Aleksander Toska (forsvarar Øystein Storrvik) – 19 års fengsel. Thomas Oscar Ingebrigtsen (forsvarar Tor Kjærvik) – 4 års fengsel. William "Skippern" Pettersen (forsvarar Joakim Ronold) – 6 års fengsel.

Forløpet av rettssaka i Stavanger tingrett