Guaírafalla var ei rekkje av enorme fossar i Paranáelva langs grensa mellom Paraguay og Brasil. Fossane slutta å eksistere i 1982 då dei vart overfløymde av reservoaret til Itaipu-demninga. Sjølv om publiserte tal varierer, frå 13 000 m³ per sekund til 50 000 m³ per sekund, var vassføringa i Guairá blant dei største av alle eksisterande fossar på den tida.

Fossane bestod av 18 kataraktar samla i sju grupper – derav det portugisiske namnet, Sete Quedas (Sju fall) – nær den brasilianske kommunen Guaíra i Paraná og byen Salto de Guairá, den austlegaste byen i Paraguay. Fossane låg på eit punkt der Paranáelva vart pressa gjennom eit smalt gjel. Ved starten av fossane smalna elva kraftig inn frå ei breidd på omtrent 380 m til berre 60 m. Den totale høgda på fossane var omtrent 114 m, medan den største individuelle katarakten var 40 m høg. Lyden av det fossande vatnet kunne høyrast frå 30 km unna.

Overfløyming og katastrofe

Sjølv om dei var in populær turistattraksjon og ein favoritt blant lokalbefolkninga, vart fossane fullstendig overfløymt av den kunstige innsjøen skapt av Itaipu-demninga då ho stod ferdig i 1982. Bygginga av demninga, som vart godkjend av ein bilateral avtale frå 1973 mellom dei paraguayanske og brasilianske regima, markerte ein ny æra for samarbeid mellom landa, som begge hadde gjort krav på eigarskap til Guaírafalla.Wolf, Aaron T.; Newton, Joshua T. Case Study Transboundary Dispute Resolution: the La Plata basin.

Etter kvart som bygginga av Itaipu-demninga skrei fram, strøymde tusenvis av besøkjande til området for å sjå fossane før dei forsvann for alltid. Katastrofen ramma den 17. januar 1982, då ei enkel hengebru som gav tilgang til ei særleg spektakulær utsikt over fossane, kollapsa og drap dusinvis av turistar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guaíra Falls» frå , den 17. november 2024

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Brasiliansk geografi Kategori:Paraguayansk geografi kategori:Fossar i Sør-Amerika