Blålusern (Medicago sativa) er ei fleirårig urt i erteblomsterfamilien. Det finst seks underartar.

Blålusern er også kjend under det engelske namnet alfalfa.Blålusern Den virtuella floran Blålusern blir dyrka i stort omfang, særleg i Nord-Amerika, på grunn av nytten som fôr til dyr. I Noreg har ein dyrka blålusern tidlegare, men i dag blir det lite dyrka. Blålusern finst derfor forvilla her og der. Dyrking av blålusern krev djup, god jord med høg pH for å trivast.

Blålusern, og dei fleste artane i erteblomsterfamilien, lever i eit symbiotisk forhold til rhizobiumbakterien som lever på rota og fikserer nitrogen frå lufta (biologisk nitrogenfiksering).

Spirer av blålusern er etande (alfalfaspirer) og har ein nøtteaktig smak.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blålusern» frå , den 19. november 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tradisjonell kinesisk medisin Kategori:Kulturplantar Kategori:Erteblomfamilien