«The Tower» (norsk omsetjing 'tårnet') er ein song frå 2024 av den polske artisten . Songen blei gjeven ut 23. januar 2024 og var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «The Tower» blei skriven og komponert av , Paul Dixon og Max Cooke. I intervju har Luna uttalt at songen handlar om ei reise til sjølvrealisering og sjølvaktualisering frå negativiteten menneskje står overfor. Songen brukar metaforen om eit tårn av negativitet og avgrensa potensial, og oppfordrar lyttaren til å velte tårnet med styrke. Luna uttalte seinare i eit intervju med at ho ønskte at andre skulle «skape dine eigne reglar i verda, dine eigne vilkår og bygge ditt eige tårn - det som førar til din lagnad, noko som er bra for livet ditt og for di lykke».
«The Tower» hadde offisielt premiere 23. januar 2024 på nattklubben Spatif i Warszawa. Rundt ein månad seinare blei «The Tower» kunngjord av den polske kringkasteren som bidraget til Polen i Eurovision Song Contest 2024.
Musikkvideo Same dag som «The Tower» hadde premiere blei det gjeve ut ein tilhøyrande musikkvideo. Ifølgje Luna brukar musikkvideoen sjakk som metafor til å skildre forholda ho har heldt ut. Ho har uttalt i intervju at utsjånaden til motstandaren hennar representerer kampar i livet hennar, inkludert «kryssing av grenser». Sjølve duellen representerer ho som står overfor forskjellige kjære og deira forhold, og mot slutten av videoen kjempar ho mot seg sjølv, vel vitande om at ho må sigra over fortida for å skape sin eigen lagnad.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering (AGATA) 60 (Airplay Top 100) 20 (Strøyming Top 100) 80
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Tower (Luna-sang)» frå , den 1. desember 2024.
Kategori:Polske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar