«One Milkali (One Blood)» er ein song med den australske synthpopduoen . Låten blei gjeven ut 5. mars 2024 og var det australske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Songen blei nominert til «årets song» under National Indigenous Music Awards 2024.

Om songen «One Milkali (One Blood)» er skriven av medlemmane i den australske synthpopduoen Electric Fields, Michael Ross og . Songen er skriven på engelsk, men har liner på yankunytjatjara-språket. I følgje Fielding blei yankunytjatjara lagt til som en måte å heidre samfunnet hans i i , også kjend som APY.

I ei pressemelding gjeven av (SBS) uttalte duoen at tittelen på songen refererte til bodskapen i songen om å gå inn for samhald. Dei berømma den australske aboriginarkulturen og sa: «Den aboriginske kulturen har ein måte å handtere situasjonar på... Du treng ikkje hoppe på nokon for å få det du vil. Du kan faktisk diskutere det.»

Eurovision Song Contest Den 5. desember 2023 kunngjorde den australske kringkastaren (SBS) at den internt ville velje bidraget til Australia i Eurovision Song Contest 2024. Eit utdrag av songen blei publisert to dagar før den offisielle utgjevinga av songen for å promotere det australske bidraget.

SBS kunngjorde 5. mars 2024 at Electric Fields og «One Milkali (One Blood)» skulle representere Australia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

«One Milkali (One Blood)» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024. Der blie han nummer 11 av 15 bidrag med 41 poeng. Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 11. mai 2024.

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «One Milkali» frå , den 3. desember 2024.

Kategori:Australske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar