Sjå òg romanen Beatles

The Beatles var ei pop- og rockgruppe frå Liverpool i England som vart danna i 1960. Medlemmane var John Lennon (rytmegitar og vokal), Paul McCartney (bassgitar og vokal), George Harrison (sologitar og vokal) og Ringo Starr (trommer og vokal). Desse fire utgjorde ei gruppe som er av dei mest kommersielt vellukka og kritikarroste gruppene i historia og var leiande i «den britiske bølgja» i USA på midten av 60-talet.

Sjølv om den opphavlege musikkstilen deira hadde røter i rock and roll og skiffle frå 1950-talet, utforska gruppa etter kvart eit vidt spekter av sjangrar; alt frå Tin Pan Alley-musikk til psykedelisk rock, og «Helter Skelter» har mellom anna vorte omtalt som den første heavy metal-songen nokon gong.Blake, Andrew (1997). The Land Without Music: Music, Culture and Society in Twentieth-century Britain. Manchester University Press. ISBN 0-7190-4299-2 , s. 143 Kleda deira, hårfrisyrane deira og meiningane dei gav uttrykk for gjorde dei til moteskaparar, samstundes som det veksande sosiale medvitet deira sørgde for at påverknadskrafta deira strekkjer seg inn i dei sosiale og kulturelle revolusjonane som hende på 1960-talet. Etter at bandet gjekk frå kvarandre i 1970, la alle medlemmane ut på solokarrierar.

The Beatles var ein av dei mestseljande musikkartistane på 1960-talet og selde totalt over ein milliard plater internasjonalt. I Storbritannia sleppte dei meir enn 40 ulike singlar, album og EP-ar som alle nådde fyrsteplass. Denne kommersielle suksessen vart gjenteken i mange andre land: plateselskapet deira, EMI, estimerte i 1985 at dei hadde selt over ein milliard plater eller teipar over heile verda. Recording Industry Association of America, ein amerikansk organisasjon for platebransjen, stadfeste at The Beatles er den mestseljande gruppa gjennom alle tider rekna ut på grunnlag av sal av singlar og album i USA. I 2004 sette musikkmagasinet Rolling Stone The Beatles på førsteplass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene. I 2008 sette magasinet Billboard dei øvst på tilsvarande liste.

Historie 1957-1960: The Beatles vert til

I mars 1957 skipa John Lennon skiffle-gruppa The Quarrymen medan han gjekk ved Quarry Bank Grammar School i Liverpool. Lennon møtte gitaristen Paul McCartney ved Woolton Garden Fête ved St. Peter’s Church den 6. juli 1957, og Lennon tok han med i gruppa eit par dagar seinare.Spitz (2005), s.93 Den 6. februar 1958 vart den 14 år gamle gitaristen George Harrison innbydd til å sjå gruppa, som spela under mange ulike namn, i Wilson Hall i Garston i Liverpool.O’Brien (2001), s.12 John Lennon var motvillig til at Harrison skulle få verte med i bandet, sidan han var så ung, men etter press frå McCartney fekk han likevel vere med i the Quarrymen som sologitarist etter ei øving i mars 1958.Miles (1998), s.47Spitz (2005), s.126–127 Lennon og McCartney spelte begge rytmegitar i denne perioden og etter den opphavlege trommeslagaren Colin Hanton forlét bandet i 1959 etter ein krangel med andre bandmedlemmer, var mange forskjellige trommisar innom bandet. Lennon sin skuleven, Stuart Sutcliffe, vart med i bandet på bass i januar 1960.Coleman (1984), s.212Lennon (2006), s.66

The Quarrymen gjennomgjekk ei rekkje namn – «Johnny and the Moondogs», «Long John and the Beatles», «The Silver Beetles» (som stamma frå Larry Parnes sitt forslag «Long John and the Silver Beetles») – og enda til slutt opp med «The Beatles» etter Sutcliffe føreslo namnet «The Beetles» ('billene'), som ei hyllest til Buddy Holly and The Crickets ('sirissane'). Etter ein turné med Johnny Gentle i Skottland endra dei namnet til «The Beatles». Cynthia Lennon, den første kona til Lennon, føreslo at Lennon kom på namnet Beatles «ein kveld over eit øltilsølt bord i baren Renshaw Hall…». Lennon sa òg at «[dersom du] snur det rundt, vert det ’les beat’, som kling fransk og stilig». Lennon – som var velkjend for å fortelja ulike utgåver av same historia – skreiv i 1961 i ein spøkefull artikkel i Mersey Beat at «[det] kom i eit syn – ein mann dukka opp på ein brennande pai og sa til dei: ’Frå no av er de Beatles med ein A’.»Davies (1985), s.42

I mai 1960 var The Beatles på turné i nordaustlege område av Skottland som støtteband for songaren Johnny Gentle. Dei møtte Gentle ein time før den fyrste konserten deira, og McCartney refererte til turnéen som ei stor røynsla for gruppa.Spitz (2005), s.188–193 Til turnéen hadde det ofte trommeslagarlause bandet med seg Tommy Moore på trommer, som var vesentleg eldre enn dei andre.Lewisohn (1992), s.92 Etter turnéen gjekk Moore attende til arbeidet sitt på eit tapperi, der han arbeidde som gaffeltrøkk-sjåfør.Ray (1984), p.213 Norman Chapman var den neste trommeslagaren i gruppa, men vart innkalla til verneplikt etter eit par veker. Avreisa hans førte til ein viss grad til problem for gruppa i og med at den uoffisielle forretningsføraren deira, Allan Williams, hadde avtala at dei skulle halda konsertar i klubbane i Reeperbahn i Hamburg i Vest-Tyskland.Lewisohn (1992), s.215

1960–62: Hamburg, Cavern Club og Brian Epstein mini|Klubben Indra der The Beatles spelte første gong dei var i Hamburg.

Utan trommeslager før dei komande konsertane i Hamburg, inviterte gruppa den 16. august 1960 Pete Best til å verta fast trommeslagar i The Beatles etter å ha sett Best spela med The Blackjacks i The Casbah Club i Liverpool. Dette var ein kjellarklubb styrt av Mona Best, mor til Pete, i West Derby der The Beatles ofte hadde spela. Fire dagar seinare reiste gruppa til Hamburg. The Beatles byrja i Hamburg med å spela i barane Indra og Kaiserkeller i oktober 1960. Det vart kravd av dei at dei skulle spela seks eller sju timar kvar kveld, sju kveldar i veka. Kort etterpå byrja dei spela ein ny stad, «Top Ten Club». 21. november 1960 vart Harrison sendt ut av landet fordi han hadde loge til dei tyske styremaktene om alderen sin.Lennon (2006), s.93 Snøgt etter dette vart McCartney og Best arresterte, sikta for brannstifting, etter at dei hadde laga eit lite bål inne på rommet i bustaden dei heldt seg i.Lewisohn (1992), s.24 Dei vart så sende ut av landet. Lennon reiste tilbake til Liverpool i midten av desember, medan Sutcliffe vart verande att i Hamburg med Astrid Kirchherr, som han var trulova med. Gruppa vart samla igjen 17. desember 1960 på the Casbah Club med Chas Newby på trommer for Sutcliffe.Spitz (2005), s.4–5

The Beatles reiste tilbake til Hamburg i april 1961. Medan dei spela på Top Ten Club vart dei backingband for Tony Sheridan i ei rekkje innspelingar for det tyske plateselskapet Polydor Records,Lennon (2006), s.97 produsert av den kjende bandleiaren Bert Kämpfert.Lewisohn (1996), s.42 Kämpfert skreiv plateavtale med dei den fyrste studiodagen, 22. juni 1961. Den 31. oktober sleppte Polydor singelen «My Bonnie (Mein Herz ist bei dir nur)», som dukka opp på dei tyske salslistene under namnet «Tony Sheridan and the Beat Brothers». Dette var eit namn som vart nytta uansett kven som spelte på platene til Sheridan.Spitz (2005), s.250 Eit par eksemplar av plata vart distribuert til amerikanske radiokanalar.Palowski (1989), s.64 Då gruppa reiste tilbake til Liverpool vart Sutcliffe verande att i Hamburg.Lewisohn (1992), s.25 McCartney tok over på bass.Miles (1998), s.74

mini|upright|The Cavern Club i Liverpool er vorten uløyseleg knytt til Beatles.

Tilbake i Liverpool spelte dei første gong på The Cavern Club den 21. februar 1961. Sceneshowet deira hadde endra seg mykje og enkelte i publikum trudde dei var eit tysk band. Frå 1961 til 1962 heldt The Beatles 292 konsertar på The Cavern, siste gong 3. august 1963.'Lennon - The Definitive Biography' av Ray Coleman s. 720

9. november 1961 såg Brian Epstein, eigar av musikkforretninga North End Music Store (NEMS), The Beatles første gong på klubben. Epstein hadde vorte klar over gruppa etter at han kom over Sheridan/Beatles-innspelinga av «My Bonnie». I eit møte på NEMS den 10. desember 1961 føreslo Epstein at han kunne vere manager for dei.Miles (1998), s.85 24. januar 1962 gjekk Beatles inn i ein femårskontrakt med Epstein.Miles (1998), s.88 Han fekk løyst dei frå Polydor-kontrakten ettersom Kämpfert berre var interessert i The Beatles som Sheridan sitt backingband. Epstein skipa så selskapet NEMS Enterprises og starta jakta på ein platekontrakt for bandet. Han nytta statusen til NEMS som ein stor plateforhandlar til å nå produsentar og sjefar i plateselskap. I ei no vidgjeten brevvelsking med Dick Rowe, direktør i Decca Records, vart søknaden kontant avslått med orda «Gitargrupper er på veg ut, herr Epstein.»The Beatles (2000), s.68 Medan Epstein var i forhandlingar med Decca, møtte han Ron White, som var marknadsansvarleg i EMI.Coleman (1989), s.88–89 White, som ikkje sjølv var plateprodusent, tok så kontakt med EMI-produsentane Norrie Paramor, Walter Ridley og Norman Newell, som alle nekta å gjera opptak med The Beatles. White tok ikkje kontakt med den fjerde produsenten EMI hadde tilsett, George Martin, som var på ferie på dette tidspunktet.Coleman (1989), s.93–94

Det tredje Hamburg-opphaldet til The Beatles var frå 13. april til 31. mai 1962, då dei opna The Star Club.Lewisohn (1996), s.69 Då dei kom dit, fekk dei vita at Sutcliffe hadde døydd av hjernebløding.Lennon (2006), s.109

1962: Platekontrakt Etter å ha mislukkast i å overtyda Decca Records med eit tidleg demoopptak, gjekk Epstein til forretninga HMV i Oxford Street i London for å overføre demoteipane til plater. Der møtte han lydteknikaren Jim Foy som viste han vidare til Sid Coleman, leiaren av publikasjonsavdelinga til EMI. Då Coleman høyrde demoopptaka, føreslo han å ta dei med til George Martin, som, ifølgje Coleman, «produserer humoristiske innspelingar» og leidde selskapet Parlophone. Epstein møtte etter kvart Martin, som ønskte å høyre gruppa i studio og signerte ein eittårskontrakt på EMI, med opsjon på fleire år.Miles (1997), s.90 Han innbydde firemannsgruppa til Abbey Road Studios i Nord-London for prøvespeling den 6. juni.Davies (1985), s.178 Martin var ikkje stort imponert over demo-opptaka til gruppa, men han likte dei som personar straks han møtte dei. Han konkluderte at dei hadde «naturleg musikalsk talent», men sa i seinare intervju at det som utgjorde skilnaden for han var humoren og viddet dei synte i studioet.Spitz (2005), pp.318–319

Martin hadde likevel eit problem med Pete Best,Spitz (2005), s.318 som han kritiserte for ikkje å klare å halde takten. Han føreslo løynleg for Epstein at gruppa skulle skaffe ein annan trommeslagar i studio. Best var til dels populær og vart sedd på som kjekk og pen av mange tilhengjarar,Spitz (2005), s.322 men dei tre opphavlege medlemene vart stendig meir og meir misnøgde med populariteten og personlegdomen hans, og Epstein var vorten skikkeleg irritert over korleis Best nekta å tileigna seg den særskilde hårstilen som del av den sameinte utsjånaden deira. Best gjekk òg glipp av ein del avtalar på grunn av sjukdom. Best vart sparka av Epstein den 16. august 1962.Spitz (2005), s.330 Tidlegare hadde dei spurt Richard Starkey, kjend som Ringo Starr, om å verte med i bandet. Han hadde spelt med bandet tidlegare dei gongane Best hadde hatt forfall, og i Hamburg. Starr hadde vore trommeslagar i éi av dei leiande Merseybeat-gruppone, Rory Storm and the Hurricanes.Spitz (2005), s.328 Dei fyrste opptaka av Lennon, McCartney, Harrison og Starr i lag vart gjorde så tidleg som 15. oktober 1960, i ei rekkje demoopptak som vart tekne opp privat medan dei var backingband for Lu Walters.Lu Walters si innspeling Vitja 27. september 2008 Starr spela den andre gongen The Beatles var i studio hjå EMI den 4. september 1962, men Martin hadde leigt inn studiomusikaren Andy White til den neste stuidoavtalen deira 11. september.Spitz (2005), s.353 Dei einaste innspelingane med White som kom ut var «Love Me Do» og «P.S. I Love You», som er på det første albumet deira Please Please Me.