«Zorra» (spansk uttale: [ˈθora], norsk omsetjing ‘tispe’) er ein song frå 2023 med den spanske synthpopduoen Nebulossa. Songen blei gjeven ut 20. desember 2023 og vann songtevlinga , den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest. Gjennom sigeren blei «Zorra» bidraget til Spania i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om songen «Zorra» er skriven av medlemmane i den spanske synthpopduoen Nebulossa.
Tittelen på songen, som blir gjenteken fleire gongar i teksten, tyder ‘tispe’ (i kontekst horev), men er også knytta til vulgære konnotasjonar, ettersom zorra ofte blir brukt i tydinga ‘hore’ eller ‘tøs i spansk slang. Det blei difor stilt spørsmål ved som potensielt brot på Eurovision-regelverket. Den europeiske kringkastingsunionen, som har ansvaret for å organisere og overvake konkurransen, forklarte i en offentleg fråsegn til El País at bruken av ordet ikkje utgjorde eit brot på tevlingsreglane.
I ein artikkel hos Wiwibloggs blei ordet zorra skildra som «eit av de mest openberre tilfella av innebygd i det spanske språket»; den eufemistiske tydinga av den mannlege ekvivalenten, zorro, har positive konnotasjonar, medan zorra oftast blir brukt som ei kvinnefiendtleg fornærming. Songen – med sitt tema om kvinners myndiggjering – brukar dette og forsøker å tileigne seg fornærminga på nytt; teksten kritiserer eit samfunn som ser negativt på kvinner for alt, og omfamnar eigenskapane til kvinneleg sjølvstende som kan kallast zorra. Den siste linja i det fyrste verset er «Cambiar por ti me da pereza», som tyder «Gidd ikkje å endre meg for deg».
Benidorm Fest og Eurovision Song Contest «Zorra» blei gjeven ut 15. desember 2023 og var blant bidraga i den spanske musikktevlinga . Songen vann finalen laurdag 3. februar og ble med det bidraget til Spania i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Som eit av de fem store landa var Spania direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai. I finalen fekk «Zorra» 30 poeng og enda på 22. plass.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas Internasjonal (IFPI) 26 Litauen (AGATA) 17 Spania (PROMUSICAE) 5 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 13 UK Singles Sales (OCC) 47
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zorra» frå , den 7. desember 2024.
Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2023