«Zari» (gresk: Ζάρι; norsk omsetjing ‘terning’) er ein song frå 2024 av den greske artisten Marina Satti. Låten blei gjeven ut 7. mars 2024 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «Zari» blei skriven og komponert av Gino Borri, Jay Lewitt Stolar, Jordan Richard Palmer, Konstantin Plamenov Beshkov, Manolis Solidakis, Marina Satti, Nick Kodonas, Oge og Vlospa. I pressemeldingar gjevne av Satti, uttrykte ho ønske om å ville blande gamle og nye kulturar og tradisjonar i Hellas. Ho har også uttalt at songen fokuserer på temaet flaks. I fråsegner gjevne til greske medium, uttalte ho eit ønske om å bryte stereotypiar om gresk kultur.
Musikkvideo Same dag som songen blei gjeven ut, blei ein tilhøyrande musikkvideo gjeven ut. Musikkvideoen blei filma ved forskjellige landemerke rundt om i Hellas, inkludert Akropolis, Plaka, , , , Lykavittós, og Aten internasjonale lufthamn.
Eurovision Song Contest Den 24. oktober 2023 kunngjorde den greske kringkastaren (ERT) at han internt hadde vald Marina Satti til å representere landet i Eurovision Song Contest 2024. Låtskrivingsprosessen startet dagen etter kunngjøringen. 13. februar 2024 blei det rapportert at namnet på songen var «Zari». Songen blei gjeven ut 7. mars 2024 av Golden Records.
Hellas deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai. Der kom «Zari» på en femteplass med 86 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda «Zari» på 11. plass med 126 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Hellas (Billboard) 1 Hellas (IFPI) 1 Litauen (AGATA) 20 Nederland (Single Tip) 8 Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan) 10
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zari» frå , den 3. november 2024.
Kategori:Greske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Greskspråklege Eurovision Song Contest-songar