«La noia» (norsk omsetjing ‘keisemd’) er ein italiensk song frå 2024 av og med Angelina Mango. Låten vann den italienske musikkfestivalen Sanremo-festivalen og var det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen «La noia» blei skriven av Angelina Mango saman med låtskrivarane og musikkprodusentane og . Songen handlar om å takle keisemd. Kjensla skal ikkje kjempast mot, men heller bli brukt som verdifull tid for deg sjølv. «Denne songen blei til etter refleksjonar over tid. Keisemd blir sett på som ein negativ ting, men faktisk er det tid som du dedikerer til deg sjølv, det let deg oppdage deg sjølv. Mellom eit liv med oppturar og nedturar og eit liv med keisemd, vil eg alltid velje eit liv med oppturar og nedturar, men jeg vil alltid gje meg sjølv tid til keisemd også» fortalde Mango i eit intervju med Vanity Fair Italia.
«La noia» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 7. februar 2024, då songen deltok i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. I finalen laurdag 10. februar 2024 vant songen konkurransen. Dette var den fyrste deltakinga til Angelina Mango i Sanremo-festivalen.
Som vinnar av festivalen fekk Mango retten til å representere Italia i Eurovision Song Contest. Italia var direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai som eitt av «dei fem store» landa. I finalen enda låten på sjuandeplass med 268 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2024) Høgasteplassering Billboard Global 200 (Billboard) 110 Hellas internasjonal (IFPI) 34 Irland (IRMA) 94 Italia Airplay (EarOne)1 Kroatia (HRT) 22 Latvia (LAIPA) 19 Litauen (AGATA) 11 Polen (Polish Streaming Top 100) 84 San Marino (Radio San Marino RTV) 2 Spania (PROMUSICAE) 79 Sverige (Sverigetopplistan) 54 UK Singles Sales (OCC) 56
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «La noia» frå , den 10. desember 2024.
Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar