Peder Fejerskov Kongshaug () er ein norsk skeiseløpar, fødd i London. Han vart europameister på 1500 meter i 2024, og fekk OL-gull 2022 og EM-gull 2024 i lagtempo med Noreg.
Kongshaug, Hallgeir Engebråten og Sverre Lunde Pedersen vann OL-gull i lagtempo under Vinter-OL 2022. Tidlegare i dei same leikane kom Kongshaug på fjerdeplassen på 1500 meter.
Vinteren 2024 tok Kongshaug gullmedaljen på 1500 meter under EM på skøyter, framom nederlendaren Kjeld Nuis. I den same meisterskapen vann han lagtempo i spann med Sverre Lunde Pedersen og Sander Eitrem, dei sette samstundes ny verdsrekord i øvinga. Under VM i enkeltdistansar 2024 i Calgary, gjekk Kongshaug inn til bronse på 1500 meter og sølv i lagtempo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peder Kongshaug» frå , den 12. desember 2024.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026