Peine er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland, ei 40 kilometer søraust for Hannover. Kommunen har 51 000 ibuarar og eit flatemål på 119,8 km². Byen hyser administrasjonen for Landkreis Peine. Elva Fuhse renn gjennom kommunen.

Peine er særleg kjend for metallindustrien sin. Ein «Peiner» er i tysk fagspråk synonym for H-bjelke.

Peine fekk byrettar i 1220.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peine» frå , den 22. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Niedersachsen