Drømmer er ein norsk spelefilm frå 2024, skriven og regissert av . Filmen er den andre i filmtrilogien hans Sex Drømmer Kjærlighet, som saman med dei to andre filmane, Sex og Kjærlighet, hadde kinopremiere i 2024. Drømmer hadde kinopremiere 4. oktober 2024. Filmen reintroduserer frå filmen frå 2019, som saman med spelar hovudrollene i Drømmer. Andre sentrale skodespelarar er Anne Marit Jacobsen og Ane Dahl Torp.

Drømmer vann Gullbjørnen på Filmfestivalen i Berlin den 22. februar 2025, som den fyrste norske filmen som har vunne denne prisen.

Handling Skuleeleven Johanne blir veldig forelska i fransklæraren sin, spelt av Salome Emnetu. Ho sit med mange gode kjensler, og vel å skrive ned opplevingane sine. Fyrst blir mor og bestemor sjokkerte over detaljar frå skildringane i dagboka til Johanne, men så blir dei fanga av dei litterære kvalitetane. Så kjem vurderingane om dette er eigna for å gje ut som bok, eller om det er for personleg.

Rollelista – Johanne – Johanna, fransklæraren til Johanne Anne Marit Jacobsen – Karin, bestemora til Johanne Ane Dahl Torp – Kristin, mora til Johanne

Prisar og nominasjonar Filmfestivalen i Berlin 2025: Gullbjørnen for beste film – vinnar Filmkritikarprisen FIPRESCI-prisen i kategorien Compettion – vinnar Prize of the Guild of German Arthouse cinemas in Competition – vinnar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Drømmer (film)» frå , den 25. desember 2024.

Bakgrunnsstoff Drømmer hos The Internet Movie Database.

Kategori:Norske filmar Kategori:Filmar frå 2024 Kategori:Norskspråklege filmar Kategori:Gullbjørnen-vinnarar