Doboj Istok (bosnisk kyrillisk Добој Исток) eller Aust-Doboj er ein kommune i kantonen Tuzla innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen. Hovudsetet i kommunen er Klokotnica.
Etter Daytonavtalen vart byen Doboj og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Den bosniske serbarrepublikken. To mindre delar vart liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina som kommunane Doboj Istok og Doboj Jug (Sør-Doboj).
Folketal Busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 1991 Folketal 2013 Klokotnica 3 989 4 874 1 771 1 872 1 530 1 764 983 1 037 765 701 0 0 Kommunen Doboj Istok 9 038 10 248
Kjelder Referansar
Kategori:Kommunar i kantonen Tuzla