Jon Olsson Standal () var ein norsk gardbrukar på Indre-Standal i Hjørundfjord. Han var ordførar 1908-16 i dåverande Hjørundfjord kommune.

Standal gjekk landbruksskule på Vestnes i 1887/88. I 1891 fekk han skøyte på farsgarden Bøgarden og dreiv denne i 46 år. Frå 1894 til 1904 var han medlem i kommunestyret i Hjørundfjord, valbolken 1902-04 som varaordførar. Frå 1908 kom han inn att i kommunestyringa, var då ordførar i tre valbolkar til 1916. I 1918 vart han vald til å leie den nye Hjørundfjord næringsnemnd. Han var styremedlem 1901-15 i Hjørundfjord Sparebank, formann 1917-18 og 1923-26 i forstandarskapen i banken.

Bø-Jo var gift med Anne Sivertsdotter, fødd Årsnes, og var far til åtte born.

Kjelder Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 59f. 2024 Folketeljing 1910

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord