Potoci (kyrillisk Потоци) er ein busetnad og hovudsete i kommunen Istočni Drvar i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.
Etter Daytonavtalen vart tettstaden Drvar og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Den delen som vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken er den minste kommunen i denne entiteten.
Folketal Ved dei siste folketeljingane var folketalet:
Folketal 1991 Folketal 2013 Potoci 27 41
Kjelder Referansar
Kategori:Byar og tettstader i Den bosniske serbarrepublikken