Bersvein Erlandsson Nyrnes, (levde truleg frå omlag 1644 til 1704), til vanleg kalla Bersvein Baatbyggjar, var ein mykje omtykt båtbyggjar i Ottadalen. Han bygde mange båtar, dei fleste til bruk på fjellvatn. Mange av båtane han bygde var å sjå langt utover 1800-talet. Tørt klima og korte brukssesongar gjorde at båtane ikkje lett rotna.

«Bersvein-Baate» var sermerkte ved at dei berre hadde to bordgangar over «vindfjølom» (vindbordet), det første bordet etter botnen, og som er tilhogge eller dampa og benda. Bersvein brukte ikkje båtsaum av jarn, men sette båtborda saman med firkanta trenaglar.

Fotnotar

Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Folk frå Lom Kategori:Båtbyggjarar i Innlandet