Norsk språkhistorie handlar om utviklinga av det norske språket frå opphavet i urnordisk fram til moderne norsk. Det er vanleg å dele norsk språkhistorie inn i fire tidsperiodar, med glidande overgangar mellom periodane.

Urnordisk Det eldste språket ein kjenner frå Noreg er urnordisk. Språket i urnordisk tid (frå omlag 200 evt.) finst i runeinnskrifter med dei eldre runene. Urnordisk var prega av lange ord og hadde færre vokalar enn i moderne norsk: a, e, i, o og u. Då urnordisk utvikla seg til norrønt i synkopetida (500–700 evt.) vart orda forkorta, og det oppstod nye vokalar (som y, æ og ø).

Norrønt Norrønt er ei fellesnemning for gammalnorsk og gammalislandsk. I Noreg blir den norrøne perioden rekna frå cirka 700 til 1350. Det finst mange tekstar frå perioden. Nokre er skrivne med runer, men dei fleste er skrivne med latinsk skrift. Norrønt hadde mykje mer bøying enn i moderne norsk, til dømes kasusbøying av substantiv og meir komplisert verbbøying enn i moderne norsk. Det finst mange ord med opphav i latin og gresk som vart importerte i den norrøne perioden (som skrive og biskop).

Mellomnorsk Mellomnorsk blir tidfesta til perioden 1350–1536 evt. I skriftspråket ser ein eit skilje i tiåra etter 1350, som følgje av at ein ny generasjon skrivekunnige kom til etter svartedauden. Dei mellomnorske tekstane er hovudsakeleg diplom, særleg brev. I den mellomnorske perioden blir bøyingssystemet forenkla kraftig. Mellom anna forsvinn store delar av kasussystemet. I den mellomnorske perioden vart det norrøne (gammalnorske) skriftspråket gradvis erstatta av dansk skriftspråk. Det norske språket vart påverka av nedertysk og tok opp ei rekke ord som til dels enno er i bruk (som snikkar og trøye).

Moderne norsk Den språkhistoriske perioden moderne norsk startar ved reformasjonen (1536 evt.) og er enno ikkje avslutta. I dei første århundra vart dansk brukt som skriftspråk, i nokre tilfelle med innslag frå norske talemål. Ut på 1800-talet vart det viktig å etablere norsk som eit eige språk. Spesielt sentrale var Ivar Aasen og Knud Knudsen, som skapte utgangspunkta for nynorsk og bokmål. Som ei følgje av auka innvandring er det eit langt større språkleg mangfold i Noreg no enn i tidlegare periodar. Engelsk har i nyare tid hatt spesielt stor innverknad på det norske språket, ikkje minst i form av importord (som backstage, server og tanks).

Kjelder , merka med fritt gjenbruk (CC-BY-SA-3.0). Almenningen, Olaf med flere (red.): Språk og samfunn gjennom tusen år: Ei norsk språkhistorie, 6. utgave, 2002 Sandøy, Helge og Agnete Nesse, red. 2016–18. Norsk språkhistorie, bd. I–IV. Oslo: Novus. Torp, Arne og Lars S. Vikør, red. 2014. Hovuddrag i norsk språkhistorie. 4. utgave. Oslo: Gyldendal.

Kategori:Norsk språkhistorie