Longueuil er ein canadisk by som ligg i provinsen Québec. Byen ligg på sørbreidda av St. Lawrence-elva, på motsett side av Montreal. Han har 254 483 innbyggjarar (2021) og dekkjer eit areal på 122,9 km².

Historie Charles Le Moyne grunnla Longueuil som eit seigneurie i 1657. Staden blei eit sokn i 1845, ein landsby i 1848, by i 1874 og ein storby i 1920.

venstre|mini|Co-Cathedral of Saint-Antoine-de-Padoue and Rue St. Charles, Longueuil, QC, about 1910 Ifølgje Abbé Faillon kalla Charles Le Moyne opp Longueuil etter landsbyen Longueil (merk noko ulike stavemåte) som i dag er administrasjonsstad for ein kanton i Dieppe i heimprovinsen Normandie.

Sonen hans, Charles Le Moyne de Longueuil, bygde Fort Longueuil som den befesta bustaden sin. Borga blei bygd av stein mellom 1685 og 1690, og hadde fire tårn.

Det halvføydale seigneurie-systemet enda i 1845, og Longueuil blei gjort om til eit administrativt sokn kalla Saint-Antoine-de-Longueuil. I 1848 blei ein del av soknet skild ut og offisielt erklært som landsbyen Longueuil. Denne landsbyen fekk status som by i 1874, og som storby i 1920.

Byområdet blei utvida i 1961, då Longueil blei slått saman med Montréal-Sud, og igjen i 1969, då han blei slått saman med Ville Jacques-Cartier. Ved begge høva heldt ein på namnet Longueuil for byen.

Byområdet omfattar også elveøya Île Charron og nokre av Boucherville-øyane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Longueuil» frå , og «Longueuil» frå den 15. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Quebec Kategori:73°W Kategori:45°N