Kay WalkingStick () er ein amerikansk landskapskunstnar og medlem av cherokeenasjonen. Dei seinare landskapsmåleria hennar, som blei laga i oljemåling på trepaneler, inkluderte ofte mønster baserte på sørvestamerikanske urfolkshandverk som teppe, keramikk og andre kunstverk.
Det finst verk av WalkingStick i samlingane til mange universitet og museum, som Metropolitan Museum of Art, Israel Museum, National Museum of Canada og Smithsonian National Museum of the American Indian. Ho er også ein forfattar og var professor ved kunstdepartementet ved Cornell Universitet, der ho underviste i måling og teikning. Ho har blitt akseptert i mange kunstnarresidensprogram som gav henne tid frå å undervisa i å måla. WalkingStick vann mange prisar og blei i 1995 teken med i History of Art av H.W. Janson, ei standardlærebok som blir brukt av fleire høgare kunstdepartement.
WalkingStick er blitt utnemnd til æresvisepresident (Honorary Vice President) for National Association of Women Artists, Inc.
Bakgrunn Kay WalkingStick blei fødd i Syracuse i New York i 1935.Phoebe Farris. Women Artists of Color: A Bio-critical Sourcebook to 20th Century Artists in the Americas. Greenwood Publishing Group; 1 January 1999. . p. 108.Delia Gaze. "Chapter W: Kay WalkingStick." in Concise Dictionary of Women Artists. Routledge; 3 April 2013. . Foreldra hennar var Simon Ralph Walkingstick og Emma McKaig Walkingsticks Emma var av skotsk-irsk avstamming, medan Ralph var medlem av cherokeenasjonen, og snakka og skreiv cherokesisk. Ralph vart fødd i Tahlequah i Oklahoma, som er hovudstaden til cherokeenasjonen, og gjekk på Dartmouth College. Foreldra til Kay fekk fire andre born saman, og medan dei vaks opp familien, arbeidde Ralph Walkingstick i oljefeltet som geolog. Han utvikla alkoholproblem. Då mora var gravid med Kay, forlét ho Oklahoma med dei andre borna og flytta til Syracuse i New York. Kay WalkingStick voks opp i Syracuse utan å ha opplevd kulturarven til cherokeeforfedrane sine. Brørne hennar, som var noko av barndomen i Oklahoma, hadde betre kjennskap til cherokee-tradisjonane til faren.Liz Sonneborn. A to Z of American Indian Women. Infobase Publishing; 1 January 2007. . p. 260. Mor hennar fortalde henne «indianske historier» og snakka om den vene faren hennar. Familien var stolt av å vera amerikanske urfolk. Kay likte å lita og teikna frå ung alder.
Privatliv WalkingStick gifta seg med R. Michael Echols i 1959, og dei fekk to born, Michael David Echols og Erica WalkingStck Echols Lowry. Michael Echols døydde i 1989.Gail Trenblay. Kay WalkingStick. Institute of American Indian Arts. Museum of Contemporary Native Arts. Retrieved January 13, 2014.Kay WalkingStick. Arcadia University. Retrieved January 13, 2014. I 2013 gifta ho seg med kunstnaren Dirk Bach.Kay WalkingStick. Arcadia University. Retrieved January 13, 2014.
Utdanning WalkingStick fekk graden Bachelor of Fine Arts i 1959 frå Beaver College i Glenside i Pennsylvania. Ti år seinare mottok ho Danforth Foundation Graduate Fellowship for Women, og studerte ved Pratt Institute i Brooklyn i New York. Ho blei Master of Fine Arts i 1975.Phoebe Farris. Women Artists of Color: A Bio-critical Sourcebook to 20th Century Artists in the Americas. Greenwood Publishing Group; 1 January 1999. . p. 108.Gail Trenblay. Kay WalkingStick. Institute of American Indian Arts. Museum of Contemporary Native Arts. Retrieved January 13, 2014.
WalkingStick var vitjande kunstnar i ein månad ved MacDowell Colony i New Hampshire i 1970 og i 1971. I juli 1976 var ho vitjande kunstnar i Saratoga Springs i New York, ved Yaddo Artists' Colony, og i Montauk i New York i august 1983 ved William Flanagan Memorial Creative Persons Center. I 1992 måla ho ved Konferanse- og studiesenteret i Bellagio i Italia. I 1995 var ho ein gjestelærar og -kunstnar ved Vermont Studio Center. I 2011 blei ho tildelt ein æresdoktorgrad i humanistiske litteratur ved Arcadia University.
Karriere
Kunstnar mini|Chief Joseph av Nez Perce var tema i serien hennar Chief Joseph. Dei fyrste ti åra etter college skapte ho realistisk, figurativ kunst. Då ho byrja masterstudiar tidleg på 1970-talet blei arbeidet hennar meir abstrakt. Det blei inkludert på mange utstillingar i New York på ei tid då verk av amerikanske urfolskkunstnarar sjeldan blei stilte ut.Gail Trenblay. Kay WalkingStick. Institute of American Indian Arts. Museum of Contemporary Native Arts. Retrieved January 13, 2014. På kunstinstituttet byrja ho å studera urfolkskunst og -historie, og prøvde å forstå «indianskdommen» sin. WalkingStick byrja ein serie verk om nez perce-leiaren «Chief Joseph», som motsette seg reservasjonslivet på 1800-talet. I 1978 hadde ho ei soloutstelling ved Bertha Urdang Gallery.Gail Trenblay. Kay WalkingStick. Institute of American Indian Arts. Museum of Contemporary Native Arts. Retrieved January 13, 2014. I tidlege arbeid nytta ho tjukke lag av voks og akrylmåling i verka sine. Seinare tok ho inn andre element i verka sine, som små steinar, keramikkbitar, metallspon og kopar. Gjennom heile prosessen la ho til maling med hendene eller ein kniv i område som blei gjort synleg i den skorne voksen for å fullføra verket sitt.Phoebe Farris. Women Artists of Color: A Bio-critical Sourcebook to 20th Century Artists in the Americas. Greenwood Publishing Group; 1 January 1999. . s. 114.
WalkingStick skapte eit anna personleg verk med Messages to Papa i 1974 for å utforska dei motstridande kjenslene ho hadde for faren sin. Verket var ei stereotypisk framstilling av ein indianarbustad, ein tipi, sjølv om dette ikkje var ein cherokee-struktur. Ho brukte bildet som eit symbol på innfødde amerikanarar for folk av ikkje-innfødd ætt. I midten av verket hengde ho ein oversetting av Fade vår til cherokesisk og eit brev til den avdøde faren.
Ho byrja å laga abstrakte/landskaps-diptykon i 1985, som ho fekk nasjonal og internasjonal suksess med. Vanlegvis laga ho eit abstrakt verk på det eine panelet i diptykonet og eit representativt eller realistisk bilde på den andre. Ho har framstilt landskap frå Rocky Mountains og Alpane og dei gamle urfolksområda i Sørvest-USA, Mesa Verde og Canyon De Chelly, frå skisser ho hadde gjort under besøk der.
Etter at mannen hennar døydde uventa i 1989, introduserte ho fossar i verka sine, som i Abyss, eit abstrakt måleri med blodraudt vatn og kvitt skum. Ho sa at bileta med fossar er «ein metafor for forløpet til tida og den ustoppande, endelege skjebnen i liva våre.»
Eit landskapsbilde ho laga i 1991, Where Are the Generations?, syner dei barske fjella og øydemarka i Sørvest-USA om natta. Det tomme landskapet talar om påverknaden europeiske kolonistar hadde på den innfødde folkesetnaden. Orda i siselert koppar fest på den abstrakte sida er: «In 1492 we were 20 million. Now we are 2 million. Where are the children? Where are the generations? Never born», følgd av namnet hennar med cherokesarskrift.Phoebe Farris. Women Artists of Color: A Bio-critical Sourcebook to 20th Century Artists in the Americas. Greenwood Publishing Group; 1999. . s. 115.
I 1995 blei ho inkludert i ei kunsthistorisk lærebok, History of Art av H.W. Janson, som er eit standardverk for universitet og høgskular. Diptykonet Gioioso Variation I (2001) av dei italienske Alpane, inspirert av dei mange reisan WalkingStick gjorde til Italia mellom 1996 og 2003, «contains sensuous, mountain crevasses that fold and ripple to create a lush visual space; on the right side is a dancing couple, brown against a lighter brown ground, both sides under a shiny, gold sky. The physicality and sensuousness of this image is both poetic and erotic.»
I 2004 måla ho Wallowa Mountains Memory, Variations, ei avbilding av Wallowa Mountain, heimstaden til nez perce-folket før det blei flytta til reservasjonar. Ein himmel av bladgull er nytta på begge sider av diptykmonet. Den høgre sida syner lilla fjell med eit tradisjonelt nez perce korgdesign. Den venstre sida syner grå og kvite fjell. Verket er no ved Metropolitan Museum i New York. Seinare måleri er av amerikanske landskap med korg-, vevnad-, keramikk- eller parflêche-mønster frå urfolka som lever eller levde i dette landskapet.From an interview with Kay WalkingStick, January 2015
Pedagog I 1988 blei WalkingStick tilsett av Cornell Universitet i Ithaca i New York som assisterande professor i kunst. Ho underviste der fram til 1990, då ho blei tilsett ved State University of New York, Stony Brook til ei stilling ho hadde i to år. Ho drog tilbake til Cornell University i 1992, der ho underviste i teikning og målning som full professor, og gjekk av med pensjon i 2005. Ho flytta deretter til New York by for å jobbe på fulltid i studioet sitt.Liz Sonneborn. A to Z of American Indian Women. Infobase Publishing; 1 January 2007. ISBN 978-1-4381-0788-2. p. 261.
Prisar og utmerkingar
1983 - National Endowment of the Arts-stipend 1991 - Richard A. Florsheim Art Fund Award, Tampa, Florida, som kjøpte diptykonet Letting Go From Chaos to Calm for Rockwell Museum of Western Art. 1995 - Joan Mitchell Foundation-prisen 1996 - National Honor award for Achievement in the Arts, Women's Caucus for Art 2003 - Distinguished Artist Award frå Eiteljorg Museum of American Indians and Western Art, den fyrste kvinna som vann denne prisen 2011 - Lee Krasner pris for livstidsprestasjon, Pollock-Krasner Foundation
Verk
Kunstverk
Message to Papa, 1974 Chief Joseph series Paper Piece #1, ink, acrylic, and tape; 16" x 20", 1975 Abyss, 1989 Where are the Generations?, acrylic, oil, wax and copper; 28" x 50", 1991 Gioioso Variation I, diptych, 2001 Wallowa Mountains Memory, Variations, painting on wood, 2004 Night Magic, 2001. Winter Flight, 1998–1999.
Utstillingar Ifølge forfattaren Deborah Everett blei WalkingStick godt etablert i kunstverda på 1980-talet og 1990-talet, til dømes blei verkene hennar viste på ei turnéutstilling i 1994 etter at ho hadde stilt ut på Biennalen i Kairo. Verka hennar er blitt stilte ut på mange europeiske og amerikanske utstillingar, både i solo- og gruppeutstillingar. Nokre av dei er ved National Museum of the American Indian, National Gallery of Canada og Heard Museum. Ho blei representert av New York's June Kelly Gallery, som har halde utstillingar av verka hennar.
I 2008 blei American Abstraction: Dialogue with the Cosmos, som hedra armerikanske urfolkskvinner, stilt ut på Montclair Art Museum. Det inneheldt parfleche-behaldarar med bilde av landskapdesign, som Wallowa-fjella, og abstrakte design frå nez perce- og andre urfolk. Slike behaldarar blei opphavleg nytta til å lagra og transportera mat og andre gjenstander.
Verk av WalkingStick blei viste i utstillinga Kay WalkingStick: An American Artist i 2015-2016 på National Museum of the American Indian i Washington, D.C. og Heard Museum i Phoenix. Utstillinga var den fyrste til å gå gjennomden føti år lange karrieren hennar, og omfatta mange verk som spela «own hybrid cultural identity, engaging Native history along with feminism, Minimalism, and other key art historical movements. She has become particularly renowned for her majestic and sensual landscapes, which imbue natural scenery with the charge of personal and collective memory.»
Dayton Art Institute i Dayton i Ohio byrja spesialutstillingssesongen sin i 2017 med Kay WalkingStick: An American Artist. Utstillinga blei synt frå februar 2017 til mai 2017. Kay WalkingStick: An American Artist blei òg vist på Montclair Art Museum i 2018.
I 2020 blei det synt kunst av WalkingStick i utstillinga Hearts of Our People: Native Women Artists ved Smithsonian American Art Museum.
I 2023 opna utstillinga Kay WalkingStick/Hudson River School ved New-York Historical Society. På dette tidspunktet var dette den største museumsutstillinga til kunstnaren i New Yorkby.
Utgjevingar