Damphreux-Lugnez er ein kommune i distriktet Porrentruy i kantonen Jura i Sveits.

Historie Prosessen med å slå saman dei to kommunane Damphreux og Lugnez byrja i februar 2020 med opprettinga av ein kommisjon som hadde i oppgåve å utarbeida ein fusjonsavtale. Resultata blei presenterte på informasjonsmøte i mai og november 2021. Kantonregjeringa godkjende denne avtalen i desember 2021, og han blei presentert til folka i dei to kommunane 13. februar 2022. Avtalen blei vedteken i Damphreux med 81 til 21 stemmer (stemmedeltaking 70 prosent) og i Lugnez med 81 til 24 stemmer (stemmedeltaking 72 prosent).

1. januar 2023 blei dei tidlegare kommunane Damphreux og Lugnez samla til den nye kommunen Damphroux-Lugnez.Applikation der Schweizer Gemeinden – Laufende Projekte – Abruf am 18. April 2022

Transport Kommunen ligg ved to regionale vegar. Den eine fører frå Porrentruy gjennom Coeuve og Damphreux til Frankrike, den andre har gatenummer 246.1 og går gjennom kommunen på aksen Montignez-Beurnevesin. Ei bussrute frå Porrentruy til Beurnevésin gjer at dei to busetnadane i kommunen, Damphreux og Lugnez, er tilslutta offentleg transport.

Kultur Damphreux er del av eit katolsk kyrkjesokn i lag med Lugnez. Soknekyrkja Saints-Ferréol-et-Ferjeux er rekna som morkyrkja til Ajoie, sidan ho blei bygd på 1000-talet og er den eldste i regionen. Det noverande kyrkjebygget er frå 1867, og er del av den sveitsiske lista over kulturminne av regional tyding.

I ein dal søraust for landsbyane ligg Étangs de Damphreux, to tidlegare fiskedammar.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Damphreux-Lugnez» frå , den 5. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Sveits Kategori:Skipingar i 2023