Tucumansporv (Poospiza baeri) er ein fugleart i tanagarfamilien Thraupidae. Han er har hovudutbreiing i eit høgtliggande område av Tucumánprovinsen i Argentina, dels nordover og inn i Bolivia. Arten er knytt til fuktige punagrasmarker og tilstøytande skog som Polylepis-skog.
Skildring
Tucumansporven er ein stor art i slekta, 16,5-18 cm lang og veg ca. 33 gram. Hannane har ei iaugefallande fjørdrakt med ei uvanleg kombinasjon av raudt og grått. Det meste av drakta er i grått, men panne med brei augestripe, underside av auge i halvmåneform, strupe, øvre bryst og undergump er i markant raudbrunt. Oversida er blågrå. Hoer har liknande drakt, men med mindre utbreiing av raudbrunt område på strupe og bryst. Ungfuglar er bleikare med bruntone på oversida.
Utbreiing og habitat
Denne arten er lever nordvest i Argentina og inn i Tarija-departementet i Bolivia. Frå sør til nord i Argentina ligg utbreiinga innanfor provinsane La Rioja, Catamarca, Tucuman, Salta og Jujuy. Her lever dei i høgder mellom 2500 og 3100 moh. i puna av grasmarker og buskskog, inkludert older-treslag og Polylepis-treslag.
Åtferd
Arten er hovudsakleg ein standfugl, men utanom hekketida kan dei røre seg inn i byar, og lengst sør i utbreiingsområdet kan dei søke ned i lågare høgder i den australske vinteren.
Tucumansporven et truleg hovudsakleg frø. Dei sest oftast i par, men òg i små fleirartsflokkar når dei leitar etter mat utanom hekkesesongen.
Songen er «ein serie korte fløytelydar med variasjon i frekvens: 'swit-jeet-siit-swop-sweet-swit…'».
Trugsmål og vern Husdyrhald har øydelagt habitat, og oppretting av plantasjar for potet og jordbærdyring i nærområdet er trugsmål mot arten som består av ein global populasjon estimert til ca. 2500-10 000 individ. Arten har vern i ein nasjonalpark i Tucuman, og i eit reservat i Bolivia.
Kjelder
Jaramillo, A. (2021). Tucuman Mountain Finch (Poospiza baeri), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tumfin1.01.1
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tanagarfamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i Bolivia