Tucumandue (Metriopelia morenoi) er ein fugl i duefamilien Columbidae. Ho er endemisk for Argentina.

Tucumandua og den nærtskylde støvbadedue (M. ceciliae) var tidlegare plasserte i slekta Gymnopelia. Arten er monotypisk.

Skildring mini|venstre| Tucumandua er om lag 17 cm lang. Oversida er hovudsakleg matt brun med gråleg hovud og skuldrer. Strupen er lys grå og farga vert mørkare brungrå på bryst og buk, lys beige ved gumpen og raudbrun på undergumpdekka. Ytre stjertfjører er svarte med kvite spissar. Augo er blå, omgitt av eit sterkt oransje berrhudfelt med ei tynn svart linje rundt. Hannen og hoa er like, men hoa har bleikare augeomkrins. Ungfuglar liknar vaksne, men har raudbrune fjørkantingar.

Utbreiing og habitat

Tucumandua finst berre i nordvestlege Argentina, frå La Rioja-provinsen i sør til Salta og Jujuy i nord. Ho lever i tempererte og puna-grasmarker med kaktus, kratt og spreidde tre i lågare høgder. Arten finst frå minst 1 800 moh. til 3 200 moh.

Åtferd

Tucumandua søkjer føde på bakken, vanlegvis i små grupper, men føda er ikkje dokumentert. Ho legg to egg i holer i jordbankar, men elles er hekkebiologien lite kjend.

Lætet er dårleg dokumentert, men inkluderer ei rekkje av 3–5 mjuke og nasale «cuEec cuEec cuEec», samt ei raskare og djupare rekkje «koo koo koo koo koo».

Status

IUCN vurderer arten som «livskraftig» (LC) Han har eit svært lite utbreiingsområde og arten er sjeldan og lite studert. Ein reknar at storleiken på populasjonen er stabil framtil det blir lagt fram prov på trugsmål eller søkkande bestand.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av «Moreno's ground dove» frå , den 10. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:duefamilien Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i andesregionen