Hieronymus Justesen Ranch (fødd 1539, død 3. desember 1607) var ein dansk prest og forfattar av skulekomediar. Han var son av presten Just Lauritsen. Etternamnet Ranch blei nytta om han i samtida, men grunnen er ikkje kjend.
Ranch var huslærar ei tid. Han studerte teologi i Wittenberg. I 1572 blei han prest ved Gråbrørkyrkja i Viborg, der han også gifta seg med enkja til føregangaren sin. I 1592 blei han prost i Nørlyng Herred, som i dag er i Viborg kommune.
Ranch skreiv Kong Salomons Hylding (1584), eit allegorisk bibelsk utstyrsstykke i fem akter, som blei oppført i Viborg av skuleelevar i 1584 i samband med hyllesta av prins Christian. Ranch spelte sjølv rolla til narren. Han skreiv også teaterstykka Samsons Fængsel (1599) og Karrig Niding (ca. 1598). Den fyrste, Samsons Fængsel, har med songane sine og humoristiske moment ein del fortrinn framfor andre skulekomediar frå denne tida. Karrig Niding er ein grovkorna og munter folkeleg farse, og relativ stram i intrigen med ein reformatorisk moderasjon. Med dei dristige knittelversa sine var det ein samtidskomedie før norske Ludvig Holberg. Stykket blei oppført med hell også i seinare tid med ei framsyning ved det danske Studentersamfundet i 1884 og av studentar i Regensgården og i Viborg i 1910. Stykka hans kan kategoriserast som pedagogisk skuledramatikk, men scenisk ber stykka eit visst preg av mellomalderteateret.
Ranch skreiv også det moraliserande diktet Fuglevisen. Diktet og stykka blei seinare gitt ut av Sophus Birket-Smith i 1876-77.
Bibliografi
H. J. R.’s Danske Skuespil og Fuglevise, utgitt med innledninger av Sophus Birket-Smith, ordforklaring ved Otto Kalkar (»Samfundet til den danske Litteraturs Fremme«, 1876—77).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hieronimus Justesen Ranch» frå , den 12. februar 2025.
Bakgrunnsstoff
«Biografi» i Dansk biografisk Lexikon
Kategori:Danske dramatikarar Kategori:Forfattarar frå 1500-talet Kategori:Danske prestar