thumb|Eit Sikorsky s92 helikopter fotografert på Sola flyplass i juli 2003 Stavanger lufthamn, Sola vart opna i 1937. Flyplassen ligg i Sola kommune utanfor Stavanger. Stavanger lufthamn, Sola er den tredje største flyplassen Noreg i passasjertal.

Stavanger lufthamn, Sola ligg rett ved Sola sentrum, og i nærleiken av lufthamna finn ein Sola Kontrolltårn/innflygningskontroll, Hovedredningssentralen, Stavanger Kontrollsentral og Sola flystasjon.

Historie Lufthamna ligg strategisk til, ut mot Nordsjøen. Under den andre verdskrigen vart lufthamna utvida i stor stil. For dei tyske okkupantane var flyplassen ein viktig del av Festung Norwegen. Mellom Sola og Forus vart betonggata Løwenstrasse bygd, og rullebanane vart forlenga. Etter verdskrigen har det norske Luftforsvaret hatt ein base ved lufthamna.

Hausten 2004 vedtok Avinor, det tidlegare luftfartsverket, å leggja kontrollsentralen for flytrafikk i det sørlege Noreg til Stavanger lufthamn, Sola.

I 2006 var det til saman 3 271 852 passasjerar som reiste frå lufthamna. Stavanger lufthamn har to passasjerterminalar, ein for fly og ein for helikopter. Det er ein stor helikopterbase for offshore-trafikk. Flyplassen har to kryssande rullebanar, hovudbanen for fly ligg nord-sør ut mot Solastranda (18/36) og hovudbanen for helikopter ligg nordvest-søraust (11/29).

Bakgrunnsstoff Satellittbilete på http://www.wikimapia.org Stavanger lufthavn, Sola i avinor.no

Kategori:Flyplassar i Rogaland Kategori:Samferdsle i Sola Kategori:Byggverk i Sola Kategori:Skipingar i 1937