Giacomo Meyerbeer () var ein tysk komponist av jødisk opphav.Thomson, J. L. (1975). Giacomo Meyerbeer: The Jew and His Relationship with Richard Wagner. Musica Judaica, 1(1), 54-86. Han heitte opphavleg Jacob Liebmann Beer, namnet Meyer tok han etter arveonkelen sin, og Giacomo (den italienske forma for Jacob) etter studium i Italia. Han verka i Italia på oppmoding frå Salieri, og var frå 1826 særleg verksam i Paris. Han var ein av dei største operakomponistane i si ti; ein av dei best kjende operaene hans er Afrikanerinnen.
Bakgrunn
Meyerbeer blei fødd som Jacob Liebmann Beer i Tasdorf (no ein del av Rüdersdorf), nær Berlin, som då var hovudstad i Kongeriket Preussen. Familien var jødiske- Faren Judah Herz Beer arbeidde i finans, medan mora, Amalia (Malka) Wulff, som Meyerbeer stod svært nær, også kom frå ein velståande bakgrunn. Nokre av syskena hans var astronomen Wilhelm Beer og diktaren Michael Beer.Conway (2012), 152–3 Han tok etternamnet Meyerbeer etter at bestefaren, Liepmann Meyer Wulff, døydde i 1812, og nytta den italienske forma av fornamnet Jacob, Giacomo, frå den fyrste gongen han var i Italia og studerte, kring 1817.Conway (2012), 165–6, 247
Ein nyskapar Meyerbeer blir fyrst og fremst hugsa som ein av skaparane av Grand Opéra i Frankrike på 1800-talet. Desse breitt oppbygde verka var kjenneteikna ved overdådige massescenar, ballettinnslag og ei dristig iscenesetjing, og temaa var henta frå meir eller mindre «obskure» historiske hendingar.
Den fyrste operaen i denne nye stilen var Robert le Diable frå 1831. Sjølv om han ikkje har dei same dimensjonane som seinare verk i sjangeren, er verket banebrytande både med omsyn til musikk og innhald. Kontrasten til dei operaene Meyerbeer skreiv i italiensk stil i tidsrommet 1817-1824 er likevel slåande: Desse var sterkt inspirert av Rossini, og hadde også resitativ med akkompagnement av cembalo eller hammarklaver. Allereie rundt 1815 var dette rekna som utdatert når det gjaldt seriøse operaer.
Med Les Huguenots frå 1836 og Le Prophéte frå 1849 styrkte Meyerbeer stillinga si som ein av dei fremste operakomponistane i Frankrike i fyrste halvdel av 1800-talet. I desse spektakulære verka med handling henta frå to dramatiske hendingar på 1500-talet var det ikkje spart på noko som helst, og operaene trekte eit formidabelt publikum.
Ved inngangen til 1850-åra hadde likevel Giuseppe Verdi og Richard Wagner skapt seg solide namn som operakomponistar, og verka deira var nok ei viktig årsak til at Meyerbeer sine operaer gradvis tapte seg i popularitet.
Operaer
Jephtas Gelübde (1812) Wirth und Gast, oder Aus Scherz Ernst (1813) Romilda e Costanza (1817) Semiramide riconosciuta (1819) Emma de Resburgo (1819) Margherita d'Anjou (1820) L'Esule di Granata (1822) Il Crociato in Egitto (1824) Robert av Normandie (Robert le Diable) (1831) Hugenottene (Les Huguenots) (1836) Ein Feldlager in Schlesien (1844) Le Prophète (Der Prophet) (1849) L'Étoile du Nord (revisjon av Ein Feldlager in Schlesien) (1854) Dinorah ou Le Pardon de Ploërmel (1859) Afrikanerinnen (L'Africaine) (1865, posthumt)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Giacomo Meyerbeer» frå , den 21. februar 2025.
Bakgrunnsstoff
Litteratur Arnold Niggli: «Meyerbeer, Giacomo». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 21, Duncker & Humblot, Leipzig 1885, s. 631–640. Adolph Kohut: Meyerbeer. Philipp Reclam jun., Leipzig 1890. (=Musiker-Biographien 12) (=Reclams Universal-Bibliothek 2734) Biblioteca Digital Hispánica Digitalisat Reiner Zimmermann: Giacomo Meyerbeer. Eine Biografie nach Dokumenten. Edition Parthas, Berlin 1991, ISBN 3-932529-23-5. Sieghart Döhring: «Meyerbeer, Giacomo.» I Neue Deutsche Biographie (NDB). Bind 17, Duncker & Humblot, Berlin 1994, ISBN 3-428-00198-2, s. 386–389 (digitalisering).
Kategori:Tyske komponistar Kategori:Komponistar frå 1800-talet