mini|BM Volvo LM 640 lastemaskin frå 1965, med firehjulsdrift. Lastemaskin, òg kalla baklastar, er ei enkel form for hjullastar som oppstod tidleg på 1950-talet. Det som var spesielt med desse maskinane var at dei var bygde på jordbrukstraktorar der køyreretninga var snudd, slik at bakhjula til traktoren no vart framhjula på maskina. Etter som desse hadde mykje større dimensjonar enn dei små framhjula på jordbrukstraktorane kunne løfteevna aukast.
Problem med frontlastarar Dei fyrste vinsjdrivne frontlastarane dukka opp på 1940-talet, og på 1950-talet kom det hydrauliske frontlastarar på marknaden. Desse fungerte bra for lettare oppgåver, men løfteevna vart avgrensa av at traktorane på denne tida hadde små framhjula, som ikkje tolte så stor belastning. På blaut underlag hadde òg framhjula lett for å søkka ned i underlaget og setta seg fast. Dessutan vart stabiliteten dårleg ved tunge løft, på grunn av at traktorane hadde pendlande framakslar. På 1950-talet hadde ikkje traktorane servostyring, så dei vart tungstyrte med last på framenden.
Baklastarane For å bøta på desse skavankane tok nokre føretak til å bygga om jordbrukstraktorar, ved at dei monterte lange løftearmar som var opplagra mellom hjula. Dei snudde så førarplassen slik at han vende mot skuffa på lastaren. Lasta vart no teken opp av dei tidlegare bakhjula, som no vart framhjul. Ein kunne difor løfta mykje tyngre lass og dei lassberande hjula sokk ikkje så lett ned i underlaget. Etter som bakakslane på jordbrukstraktorar er stivt monterte vart stabiliteten òg mykje betre enn ved bruk av frontlastar. Samanlikna med enklare traktormonterte baklastarar hadde denne maskintypen òg den føremonen at føraren ikkje trong å vri seg attover. På denne tida hadde traktorane ofte berre ei hastigheit attover og fem framover. Dette høve dårleg når køyreretninga vart snudd, så pinjongen og kronhjulet i bakakselen vart snudd, slik at ein fekk fem hastigheiter i køyreretninga og ei attover.
Wigren/Wallbergs I 1946/47 bygde brøderne Wigren i Järbo ein baklastar, for å lasta grus i eit grustak. Maskina var basert på ein Fordson Major og vart kalla «Gigantic». I perioden 1948-1955 vart det, saman med Wallbergs i Gävle, produsert nokre hundre maskinar av denne typen. Dette var truleg den fyrste maskina av denne typen, og det er sannsynleg at andre produsentar let seg inspirera av Gigantic-maskina. Samarbeidet mellom Wigren og Wallbergs tok slutt i 1953, men i fylgje held Wallbergs fram med produksjonen heilt til 1978.
Lundbergs Mekaniska / BM Volvo mini|BM Volvo H10. mini|BM Volvo lastemaskin med tømmerklo i arbeid ved Flisa. mini|BM Volvo lastemaskin i bruk ved førebuingane til Museijärnvägen, Östra Södermanlands Järnväg, truleg i 1973. I bakgrunnen ein beltelastar og ein BM Volvo rammestyrt dumpar. Den best kjende produsentan av denne typen maskinar var Bröderna Lundbergs Mekaniska i Skellefteå i Västerbotten i Sverige. Den fyrste lastemaskina til Lundbergs kom i 1951 og bygde på ein Fordson-traktor, men etter kvart tok dei til å nytta fleire ulike fabrikat, som BM Volvo og Nuffield. Maskinane var utstyrte med parallellføring, slik at arbeidsreiskapen heldt seg i same horisontale posisjon når reiskapen vart løfta/senka. Når det vart nytta løftegaflar letta dette arbeidet til føraren. Det vart òg nytta dobbeltverkande løftesylindrar, som førte til at det vart lettare å fylla skuffa med hard masse.
Den fyrste Lundberg-maskina som var bygd på ein traktor frå BM Volvo var H10-35 som bygde på jordbrukstraktoren BM 35. Denne vart produsert i tidsbolken 1954-1959. Då BM Volvo starta produksjon av BM 350 Boxer i 1959 vart denne nytta som basis og lastemaskinane, som då vart kalla H10-350. Den større maskina HD10-470 var basert på BM 470 Bison.
I 1957 innleidde Lundbergs eit samarbeid med BM Volvo i Eskilstuna og maskinane vart selde under merkenamenet BM Volvo. BM Volvo hadde eit omfattande salgsorganisasjon og maskinane vart seld i stort omfang. LM 218, som kom på marknaden i 1961, vart produsert i 7394 eksemplar i tidsbolken 1961-1971. Seinare kom det mange fleire modellar, nokre med firehjulsdrift.
Det vart utvikla eit omfattande program med ulike skuffer tilpassa lasting av jord, sand, grus, flis, snø, osb. I tilegg vart det produsert ulike spesialverktøy for maskinane, som løftegaflar, klemmgaflar, tømmergriper, graveaggregat, feiekostar, grus- og snøskjer, osb.
Sjølv om lastemaskinane vart populære og selde godt hadde dei nokre problem relatert til sikkerheita for dei som nytta dei. Innstigninga i førarhytta måtte skje framanfrå, så føraren laut kliva over lastearmane og reiskapen. På vinteren la det seg ofte is på reiskapen og det var lett å gli og skada seg. Døra, som opna framover mot lasta, hadde ei sperre som skulle hindra reiskapen i å verta lyfta når døra var open. Om denne sperra kom i ulage var det mange som fjerna ho, i staden for å reparea ho. Om reiskapen då vart lyfta utan å stenga døra vart ho lyfta av hengslene. Eit anna problem var at bremsene var underdimensjonerte og vart fort utslitne, og dei vart ikkje alltid reparerte. Utsikta attover frå hytta var heller ikkje god.
Denne typen maskiner vart etter kvart utkonkurrert av hjullastarar med rammestyring og i 1984 vart produksjonen lagt ned.
Andre produsentar KBK-lastaren vart bygd både på Volvo 30 og Fordson Major. I 1955 vart det starta produksjon av lastemaskinar i Iggesund, men det vart produsert berre 180 eksemplar. Thornag B100 vart produset rundt 1960, i ca. 30 ekemplar, med maskina vart ingen suksess. Det danske føretaket Gelsted Maskinfabrik bygde tidleg på 1960-talet rundt 20 stk. baklastarar. Massey Ferguson produserte ein baklastar (MF 356) som vart seld i Nord-Amerika. Andre produsentar var K.N. Schløsser-Møller, Rimas og Chaseside Engineering.
Referansar Bröderna Lundberg, Baklastaren.se. (vitja 02.03.2024) Ovanliga baklastare, Baklastaren.se. (vitja 02.03.2024) A. Bodell, Nestorn bland svenska lastmaskiner kommer från Järbo, Gästriklands Tidning, 17.02.2011. B. Gustafsson, I. Norlén, A. Olsson og G. Persson, Baklastaren - En maskin som orsakat många olyckor, Yrkesinspektionen, Rapport Yi-Hä 1-98, mars 1998. KBK-lastaren (vitja 02.03.2025) S. Sandström, En bakvänd framgång. Skellefteår industrialister del 4. J. Sannemalm, Thorstens fula gula – ”ett missfoster till hjullastare”, ATL, 4. januar 2020.
Kategori:Hjullastarar Kategori:Kommunalmaskinar