Geir Indrefjord (fødd 1987) er ein norsk politikar og tidlegare statssekretær for Senterpartiet.
Bakgrunn Indrefjord er frå Tasta i Stavanger og er busett på Vinterbro i Ås.
Han har bakgrunn som boredekkarbeidar og militærtolk. Han er utdanna siviløkonom, lege og lektor og har fleire akademiske grader frå m.a. Universitetet i Bergen og Forsvarets høgskole.. I perioden 2008-2010 tenestegjorde han i den norske PRT-en i Maimana i Afghanistan.
Virke Geir Indrefjord var leiar for Senterungdommen i Bergen 2013-2015 og leiar for Hordaland Senterungdom 2014-2016. Frå 2016 var han finanspolitisk rådgjevar for Senterpartiets stortingsgruppe.
Frå februar 2022 til februar 2025 var Indrefjord statssekretær for Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i Finansdepartementet, med unntak av perioden november 2022-oktober 2023 då han var statssekretær for Emilie Enger Mehl (Sp) i Justis- og beredskapsdepartementet.
Familie Indrefjord er tvilling. Han og tvillingbroren Mats Indrefjord Høllesli vann kvar sin førstepris i Unge forskere 2006.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Geir Indrefjord» frå , den 27. februar 2025.
Kategori:Norske tvillingar Kategori:Sp-politikarar i Akershus Kategori:Sp-politikarar i Rogaland Kategori:Statssekretærar frå Sp Kategori:Folk frå Ås Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske politikarar Kategori:Senterpartiet