Christian Petersen () var ein prest og stortingsmann frå Christiania.
Petersen vart cand.theol. i 1823. Dei neste tre åra var han timelærar ved katedralskulen i hovudstaden, før han 1826-32 var sokneprest i Tolga i Hedmark. Sidan sokneprest i Byneset til 1841, residerande kapellan ved Vår Frue i Trondheim og deretter Domkyrkja, også Trondheim. Til sist sokneprest ved Domkyrkja frå 1860 til han døydde.
Petersen var medlem i Trondheim bystyre frå 1847, ordførar 1860-62. 1849-54 visepreses og 1855-65 preses i Vitenselskapet. Ordførar 1855-62 i Trondhjems arbeiderforening.
Petersen representerte Søndre Trondhjems amt i stortinget 1839, medlem i Bankkomiteen. På stortinga 1845 og 1854 representerte han valkrinsen Trondheim og Levanger. I 1845 var han medlem i Kyrkjekomite nr 2, i 1854 sekretær i Desisjonskomiteen og medlem i Protokollkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Ordførarar i Trondheim Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Norske lutherske prestar