Vasiliki Silia Kapsis () er ein australsk songar, dansar og skodespelar av gresk-kypriotisk bakgrunn. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Liar».

Bakgrunn Vasiliki Silia Kapsis blei fødd den 5. desember 2006 i Sydney i Australia, som dotter av den kypriotiske songaren Jórgos Kapsis og den greske juristen og dansaren Despina «Rebecca» Saivanidis frå Thessaloniki. Ho vaks opp i eit musikalsk miljø i Sydney og opptredde allereie som fireåring. Ho har vore forsongar i Australian Youth Performing Arts Company (AYPAC) og har delteke i ei rekkje arrangement og konsertar verda over.

Debutsingelen «Who Am I?» skreiv Kapsis som tolvåring og gav han ut i 2022. Året etter gav ho ut singlane «No Boys Allowed» og «Disco Dancer». Den fjerde singelen, «Night Out», kom ut i november 2023. Ho har dansa med ImmaBeast Dance Company i Los Angeles og har jobba med Stephen «tWitch» Boss på The Jennifer Hudson Show. Ho har også delteke i ein dansedokumentar produsert av rapparen .

Kapsis debuterte som skodespelar i kortfilmen Pearly Gates i 2022 og har jobba på ulike tv-prosjekt for australske Nickelodeon, blant anna som programleiar for Nick News.

Den 25. september 2023 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren at Kapsis skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige. Den 29. februar 2024 blei Eurovision-bidraget hennar, «Liar», gjeve ut. Kapsis blei trekt til å opptre fyrst i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2024. Der blei ho nummer 6 av 15 bidrag og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2024. I finalen enda ho på 15. plass av 25 bidrag.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Silia Kapsis» frå , den 2. mars 2025.

Kategori:Australske musikarar Kategori:Australske skodespelarar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Folk frå Sydney