Christoffer Kristensen Jellum () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Modum i Buskerud.
Jellum var son til ein gardbrukar. Han gjekk 3 og eit havt år på den høgre allmennskulen i Modum og tok eksamen 1862 ved landbruksskulen i Buskerud. I 1864 tok han over farsgarden og dreiv denne i fleire tiår. Han var medlem i heradsstyret i Modum i 23 år, i 14 av desse var han ordførar. Han var forlikskommissær i 24 år, leia Modum brannkasse i 12 år og forstandarskapet i sparebanken i 35 år.
Ved stortingsvalet hausten 1891 vart Jellum vald til 1. representant for Buskeruds amt, perioden 1892-94. Han vart friteken frå å møte, nokon han seinare grunngav med svakt syn og «høi grad av nervesvakhet».Stortinget og Statsraadet 1814-1914 1ste del, s. 440
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Folk frå Modum Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet