Nutsa Buzaladze (), nokre gongar kjend som Nutsa, er ein georgisk songar og låtskrivar. Ho representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Firefighter».

Bakgrunn Buzaladze blei fødd i Tbilisi, men vaks opp i Tyrkia. Frå ho var 5 opptredde ho som ein del av ei barnegruppe, og var seinare hovudvokalist og gitarist i eit anna ensemble. Ho byrja å ta pianotimer då ho var 8 år gammal.

Buzaladze har budd i Los Angeles, der ho fekk musikalsk erfaring, og Dubai, som blei den faste bustaden hennar frå og med 2024.

Karriere Buzaladze byrja solokarrieren sin i 2011, då ho deltok i Georgia's Got Talent. I 2014 fekk ho internasjonal merksemd då ho representerte Georgia i, og vann, New Wave Music Festival som blei halden i Jūrmala i Latvia. I løpet av dei påfølgjande åra deltok ho i The Voice of Turkey, Two Stars Georgia og dei georgiske versjonane av Your Face Sounds Familiar og Skal vi danse. Ho har samarbeidd med den tyrkiske songaren , som også var mentoren hennar i The Voice of Turkey.

I 2017 gav Buzaladze ut songen «White Horses Run», som ho blei nummer to med i den georgiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2017. I 2019 ga Buzaladze ut debutalbumet sitt Nutsa22, som inneheld cover av georgiske songar og originale engelskspråklege komposisjonar; dette blei etterfølgd av gjennombrothitten hennar «Gelodebi». Kort tid etter gav ho ut ein vellykka singel i Russland.

I 2020 og 2021 deltok Buzaladze i den russiske versjonen av All Together Now. Ho opptredde på Expo 2020 i Dubai, i tillegg til på Dubai National Theatre og Dubai Opera. Ho deltok i kategorien «International Artists» i den albanske songtevlinga , der ho enda på fyrsteplass. Ho deltok i den 21. sesongen av i 2023, kreditert mononymt som Nutsa, og enda blant dei 12 beste.

Den 12. januar 2024 blei Buzaladze kunngjord som den georgiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige. Songen hennar «Firefighter», som ho skulle delta i Eurovision med, blei gjeven ut 11. mars 2024. I Eurovision Song Contest kvalifiserte ho seg til finalen og enda til slutt på 21. plass med 34 poeng.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nutsa Buzaladze» frå , den 4. februar 2025.

Kategori:Georgiske musikarar Kategori:Georgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Idol-deltakarar Kategori:Folk frå Tbilisi