Sir John Richard Hicks () var ein engelsk økonom. Særleg stor påverknad på økonomisk teori fekk han gjennom at han utvikla IS/LM-modellen, som eit forsøk på å formalisere dei tankane John Maynard Keynes presenterte i The General Theory of Employment, Interest, and Money.
Hicks vart tildelt Nobelprisen i økonomi saman med Kenneth Arrow i 1972. Gjennom karrieren arbeidde han ved fleire universitet, lengst ved Universitetet i Oxford, mellom anna ved Nuffield College.
Kategori:Britiske økonomar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i økonomi