Tone Thiis Schjetne () var ein norsk bilethoggar som var busett i Trondheim.
Familie Tone Thiis var dotter av domkyrkjearkitekt Helge Thiis og målaren Greta Thiis. Ho var gift med Per Schjetne, lege i Trondheim. Ho hadde fire systrer, og veslesystera Ragna Thiis blei biletkunstnar.
Kunstnarisk virke Thiis Schjetne var utdanna frå (1946–1947) og Statens kunstakademi (1947–1949) under Per Palle Storm. Thiis Schjetne debuterte på Høstutstillingen i 1956 og hadde separatutstilling i same år.
Thiis Schjetne tilhøyrde ein generasjon kunstnarar som var svært synlege i det offentlege rom. I mange år var ho bilethoggar ved Nidarosdomen, og har utført fleire små og store skulpturar der, blant anna framstillinga av Esekiel på .
Av skulpturane hennar er trulig verket Go’dagen (1980) mest kjend. Skulpturen syner ei eldre kvinne i frakk og hatt. Førelegget for dette arbeidet var ei kokke i gamle Trondheim som helsa «Go'dagen» til alle, og som også var modell for mora til Thiis Schjetne, målaren Greta Thiis. Bronseavstøypingar av dette verket er reiste på torget i Trondheim og i Stavanger; på folkemunne blir verket kalla Torgkona i båe byane, eller berre Kånå i Stavanger. Bronsestatuetten Go'dagen blir årleg delt ut i samband med Trondheim kommunes kulturpris.
Andre av hennar arbeid er ein portrettbyste av Tarjei Vesaas i Vinje (1986), Klovn og To klovner på i Oslo (1992), Jentene i vinden i Narvik (1992), Budeia i Øvre Rendal og figurgruppa Fuglene flyr over ved i Kirkenes.
I arbeida til Thiis Schjetne ser ein ein syntese mellom det figurative og det abstrakte. Skulpturen har ein hovudidé, ei rørsle, ein rytme og ein form, som er skissert, mens unødvendige detaljar er utelatne.
I 2020 blei det halde ei retrospektiv utstilling over verka hennar i Trondheim.
Prisar og utmerkingar 1979: 2001: , delt med Nils Aas 2004: Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
Biletgalleri
Litteratur Billedhuggeren Tone Thiis Schjetne. Av Kristofer Leirdal og Arne Gunnarsjaa (red.). Tapir forlag, 2003 ISBN 82-519-1917-7 Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tone Thiis Schjetne» frå , den 8. mars 2025.
Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet