Jacques Offenbach (fødd Jacob Eberst, ) var ein tyskfødd fransk komponist. Som komponist heldt han til i Paris, og fekk etter kvart suksess med operettar, mellom anna Orfeus i underverdenen (Orphée aux enfers) med songen «Galop infernal» kjend i samband med dansen can-can. Hovudverket hans er den ufullendte operaen Hoffmanns eventyr, som særleg er kjend for sin «Barcarolle».

Liv og virke mini|Notar for ein song frå La Belle Hélène

Bakgrunn

Jacques Offenbach var fødd i Köln i dåverande Preussen som den nest eldste sonen i ein barneflokk på ti. Foreldra hans var Isaac Juda Offenbach, fødd Eberst (1779–1850), som var kantor i synagogen i Köln, og kona hans Marianne, fødd Rindskopf (ca. 1783–1840).

Jacob, eller Jacques, spelte tidleg cello i familietrioen, som opptredde på kafear. I 1833 tok faren han til Paris, der han byrja studera ved Musikkonservatoriet. Jacques var student der fram til 1837

Karriere I 1837 blei han tilsett som cellist ved Opéra-Comique. Etter nokre år som fri musikar blei han kapellmeister ved Théàtre Français, og hadde stillinga frå 1849 til 1855

Offenbach starta eit eige teater, Bouffes-Parisiens, i 1855 som han leidde fram til 1866. Deretter verka han hovudsakleg som komponist. Etter at han hadde skrive ei rekkje einaktarar kom gjennombrotet med Orfeus i underverdenen i 1858. Han var dermed etablert som den kvikkaste musikaren i Paris, og premierane hans var store hendingar.

Orfeus i underverdenen blei innleiinga på ein serie store «offenbachiadar», blant dei Den skjønne Helene (1864) og Ridder Blåskjegg (1866), i som i grunnen var dei fyrste operettane i den moderne tydinga av ordet. Kuplett, korrefreng og dans er viktige innslag. Parodi og satire speler også ei stor rolle.

Offenbach samarbeidde mellom anna med tekstforfattarane Henri Meilhac og Ludovic Halévy, som også skreiv tekstar til operetter som Storhertuginnen av Gérolstein (1867) og Frihetsbrødrene (1869).

Til saman skreiv Offenbach meir enn hundre verk for scena. I dei siste åra sine arbeidde han på ein opera med ein libretto som byggjer på forteljingar av E.T.A. Hoffmann. Dette operaverket låg føre ved hans død i ein heller uordna skikk. Det er blitt fullført og arrangert på ulike vis av andre, og stadig sett opp på operascener over heile verda: Contes d'Hoffmann (eigentleg Hoffmanns forteljingar, gjennom omsetjing via dansk i Noreg kalla Hoffmanns eventyr).

Offenbach blei gravlagd på kyrkjegarden Cimetière de Montmartre i Paris.

Operettar (utval)

1858: Orfevs i underverdenen 1864: Den skjønne Helene 1866: Pariserliv 1866: Ridder Blåskjegg 1867: Storhertuginnen av Gérolstein 1869: Frihetsbrødrene 1880: Hoffmanns eventyr

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacques Offenbach» frå , den 10. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske komponistar Kategori:Komponistar frå 1800-talet