Mathilde Schjøtt () var den fyrste kvinnelege embetsmannen i Noreg.
Familie Mathilde Schjøtt var dotter av forfattaren Mathilde Schjøtt (f. Dunker) og professor i filologi . Ho hadde tre systrer: Anna Theodora Schjøtt, Sofie Conradine Schjøtt, som blei cand.jur. i 1896, og Julie Constance Schjøtt. Alle dei fire systrene tok examen artium.
Familien Dunker/Schjøtt var i fleire generasjonar blant dei fremste intellektuelle i Noreg, og ikkje minst kvinnene i familien var førande i intellektuelle og litterære debattar på den tida.
Utdanning Mathilde Schjøtt gjekk på , i likskap med den to år eldre systera Julie Constance. Mathilde tok examen artium med laud i 1894, og examen philosophicum som i 1895. I 1903 avla ho , med laud.
Schjøtt blei med dette ei av dei fem fyrste kvinnene i Noreg som tok embetseksamen i realfag.
Yrkesliv Etter utdanninga blei Mathilde Schjøtt tilsett som vikarlærar ved , og i 1904 fekk ho ei lærarstilling ved .
I 1905 blei Schjøtt innstilt som nummer to til eit adjunktembete i Trondheim. I juli 1906 blei ho utnemnd av Kongen i statsråd til adjunkt i Stavanger, og blei dimed den fyrste kvinnelege embetsmannen i Noreg.
I 1907 skreiv Clara Holst ein artikkel om den fyrste kvinnelege embetsmannen i Noreg, der ho avslutningsvis konstaterte:
«Mathilde Schjøtt er ikke af dem, som virker for kvindesagen i tale og skrift. Men ved sin rolige planmæssighed og sin faste tillid til fremtiden har hun udrettet mere for den end mange andre ved sine foredrag.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mathilde Schjøtt (1876-1959)» frå , den 11. mars 2025.
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Oslo