Sørestranda er eit geografisk område eller grend i Sykkylven kommune.
Området omfattar alle gardane frå Straumsheim til Jarnes, gardsnummer 34-47. Gardane i området er mellom anna omtalt i Gardssoga for Sykkylven III. Sørestranda skule ligg sentralt i området. Ikornnes kapell ligg også der, ei arbeidskyrkje finansiert av mellom anna J.E. Ekornes, saman med Høgtun, bygget til Sørestranda Ungdomslag. Den mest sentrale garden eller området frå tidleg av er Ikornes, som også har blitt kalla Ekornes av di fleire tok det som etternamn. «Den vanlegaste forma heilt til dei siste åra har vore Ekornes, og alle som har dette namnet som familienamn skriv det slik. No vert grenda med poststad skrive Ikornnes».
Gardsnummera er frå Straumsheim i sør, heilt til Jarnes i nordvest:
34: Strømsem (Straumsheim) 35: Riksemgjerdet 36: Riksheim 37: Erstad 38: Stave 39: Sætre 40: Hellen 41: Ekornes (Ikornes) indre 42: Ekornes (Ikornes) ytre 43: Jarnes
Sørestrandvegen gjeng gjennom Sørestranda fra nummer 1 i Straumgjerde (Straumsheim) helt til nummer 1620 vest i Hundeidvik.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på Sørestranda (Sykkylven) ved lokalhistoriewiki.no, den 13. mars 2025, som er tilgjengeleg under den frie lisensen CC-BY-SA 4.0 (Attribution-ShareAlike 4.0 International).
Kategori:Sykkylven kommune