Alsdorf er ein by og ein kommune vest i forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland, få kilometer aust om landegrensa mot Nederland. Kommunen har ikring 49 000 ibuarar og eit flatemål på 31,7 km². Byen høyrer til Städteregion Aachen, sjølve Aachen ligg 12-14 kilometer unna i sør-sørvest.

Alsdorf var i lang tid ein gruveby. Største gruva, Grube Anna, var i drift frå 1854 til 1978. I 1930 omkom 271 arbeidarar i gruva ved ein kolstøv-eksplosjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alsdorf» frå , den 15. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen