mini|Rongorongo-inskripsjonar på Påskeøya. Dei har sannsynlegvis blitt nytta for å skriva rapa nui. Rapa nui er eit språk som blir snakka av den noverande befolkninga (rapa nui) på Påskeøya. Talet på morsmålstalar er nokre tusen, nokre hundre av dei bur på det chilenske fastlandet, på Tahiti og i USA. Rap nui er, på same måte som til dømes tahitisk og hawaiisk, eit austpolynesisk språk i den austronesiske språkfamilien. Ved ei vitjing på 1770-talet kunne ein tolk for kaptein Cook frå Tahiti berre identifisera ca. 15. ord som polynesiske; dei andre forstod han ikkje.

Sjølv om rapa nui bli rekna som truga har talarane for det meste ei positiv innstilling til språket.

Det enno uløyste skriftsystemet rongorongo trur ein tidlegare blei nytta til å skriva rapa nui. Men om dette er eit skriftsystem eller berre symbol til anna bruk er uklart. Viss det er eit skriftsystem vil rapa nui vera det einaste polynesiske språket som har hatt eit sjølvstendig skriftsystem. Kva som talar mot at teikna i rongo-rongo skulle symbolisere lydar eller ord, er at det ikkje er visse symbol eller symbolkombinasjonar som blir bruk mykje oftare enn andre, noko som burde vore tilfellet for dei vanlegaste orda og lydane. Det noverande språket blir skrive med det latinske alfabetet.

Det første bladet som blir utgjeve på rapa nui er Tāpura Re'o.

Fonologi

Konsonantar BilabialLabiodentalAlveolarVelarGlottalNasalmnŋPlosivptk | gʔFrikativvhFlapparɾ Kjelde:

Vokalar FremreSentraleBakreLukkaiuHalvopeneoOpena Kjelde:

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rapa nui (språk)» frå , den 17. mars 2025.

Kategori:Språk i Oseania Kategori:Påskeøya Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Einskildspråk