alt=A marking axe used by a forestry officer|mini|Blinking av tre med blinkøks Blinking av skogen før hogst vart utført av skogeigaren eller skogforvaltaren for å bestemma kva for tre som skulle fellast. Når ein blinka hogg ein bort noko av borken, ein «bles», på treet i brysthøg slik at tømmerhoggarane lett kunne sjå blinkinga når hogsten vart utført under haust- og vintersesongen. Blinkinga vart utført med ei blinkøks.

Om tømmeret skulle fløytast måtte det òg merkast for å skillja tømmeret til dei ulike kjøpane fra kvarandre når det kom fram til sorteringslenser eller eit sagbruk. Ein kunne òg merkje hogstklar skog for å syna at blinkinga var utført av rette vedkommande. Merkinga vart utført i blesen der borken var fjerna.

I dag vert merking av ståande skog vanligvis utført ved at ein set målingflekkar på stammane eller ved å binda farga band rundt stammane. Kategori:Skogbruk