Ida Charlotte Clementine Wedel Jarlsberg (fødd 12. september 1855 på Jarlsberg gods ved Tønsberg, død 29. januar 1929 i Oslo) var ein norsk målar og forkjempar for fattige, rettar for kvinner og .
Ida Charlotte Clementine Wedel Jarlsberg var dotter av godseigar og greve (1809–93) og (1819–79). Ho vaks opp på Jarlsberg gods. Faren var den siste greven i Noreg og hadde rett til å bruke tittelen så lenge han levde, ettersom han var fødd før adelen blei avskaffa i Noreg i 1821. Ved hans død blei grevskapet omgjort til eit stamhus. Ida, som var fødd etter avskaffinga, skulle strengt tatt ikkje kalla seg «», men det gjorde ho. Hennes bror, stamhuseigar Johan Caspar Herman, var kammerherre på Oslo slott hos Oscar 2, og baron Herman Wedel Jarlsberg på Bogstad gårdhttps://bogstad.no/bogstads-historie var hennar farbror. Før fylte tjue år hadde ho gått på målarskulen til Knud Bergslien (1827–1908) i Kristiania nokre år. I 1875 var ho hos sin onkel Hans Gude i Karlsruhe, før ho 1875-77 gjekk i lære hos Eilif Peterssen i München og delte hybel med Asta Nørregaard (1853–1933). Her var mange andre norske kvinnelege målarar. I 1877 drog ho vidare til i Berlin der også Christian Krohg var elev på den tida.Krohgs hilsen til Gussow
I januar 1880 ankom Hamsun for fyrste gang Kristiania,Hamsun i 1880 og snart la han kveldsturen forbi for - i likskap med hovudpersonen i - å kikke forsiktig opp mot vinduene. I andreetasjen budde fetteren til Ida Wedel Jarlsberg, og truleg var det Ida som inspirerte Hamsun til romanfiguren Ylajali. Men alt i mai 1880 var han reist vidare til Toten for å prøve seg som vegarbeidar.Unn Conradi Andersen: «Ingen spor etter Hamsun», Dagbladet 9. juni 2001
I 1878 blei Ida av foreldraKvinnelig og kunstnerliv av Anne Wichstrøm på Gyldendal, 1997. pressa til å vere for dronning Sofie (1836–1913) som budde på og var svært from og pietistisk.Det er Arne Prøis som i boka Langs gledens stjernesti fra 1993 kaller svenskedronninga for pietistisk. Ida blei permittert frå hoffet i 1885 fordi ho hadde nekta å gå til middag med statsminister Johan Sverdrup som ho oppfatta som ein oppviglar. Ho flytta tilbake til Kristiania for å måle bilete og kjempe for dei fattige fra bygdene som led vondt i byane. Ho sende også fine små oppmerksomheter til innsatte i fengselet. Saman med naturforskaren Birgitte Esmark (1841–97) frå Brevik opna ho ein heim der kvinner kunne vere på søndagane og lære seg engelsk. Dei to starta Unge Kvinners Kristelige Samfund (UKKS) i 1894 med Ida som leiar, det blei seinare til Kristelig Forening for Unge Kvinner (KFUK). Ho blei i 1887 fyrste kvinne i styret for Det Norske TotalavholdsselskapPionerer blant norske kvinner av Gjerdtrud Fladset i 1932. og i 1889 leiar for det nystarta Norske Kvinders Totalavholdsselskap – Det Kvite Band.Else-Britt Nilsens utdypende artikkel om Ida i Store norske leksikon.
Etter 1900 gjenopptok Ida målinga og gjekk i lære hos Harriet Backer. Ho budde i Roma 1916-23, der ho også hadde oppheldt seg flere gongar i åra før den fyrste verdskrigen, for hun hadde astma, og klimaet der gjorde ho godt. Fetteren hennar, kammerherre (1852–1909), var også busett i Roma frå 1882 med kona Edle Frederikke Rosenørn-Lehn (1860–1921).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ida Wedel Jarlsberg» frå , den 19. mars 2025.
Kategori:Norske målarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Tønsberg Ida Kategori:Norske hoffdamer