Per Almaas () var ein norsk skulemann og politikar frå Selbu i Nord-Trøndelag. Han var 1950-53 stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag og Arbeidarpartiet. Han var også ordførar i Strinda kommune 1938–1940 og 1945–1955, fylkesordførar i Sør-Trøndelag 1945–47 og skuledirektør 1954–1968.
Liv og virke Almaas var utdanna ved Levanger lærarskule, der han tok eksamen i 1918. Han var tilsett ved fleire skular, lengst ved Strinda folkeskole 1921-45. Frå 1928 til 1940 var han medlem i Strinda kommunestyre, dei siste tre åra var han ordførar i kommunen. Han vart avsett frå ombodet, og vart krigsåra arrestert to gongar. Begge gongane sat han i Falstad fangeleir. År 1942 gjekk han handelsskule. I 1944 flykta han over til Sverige. I 1945 fekk han tilbake ordførar-ombodet og var ordførar i Strinda til 1955. 1945-47 var han også leiar av fylkestinget i Sør-Trøndelag.
Almås var skuleinspektør i Strinda kommune 1945-53, skuledirektør i Nidaros (Trøndelags-fylka) 1954–63 og skuledirektør i Sør-Trøndelag 1963–68. Hausten 1949 vart han vald inn i Stortinget som ein av tre frå Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag. På tinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var med i Arbeidarpartiet sitt skuleutval, eit utval som la grunnlaget for den niårige grunnskulen. I 1969 ble han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.
Almås hadde mange verv, mellom anna var han formann i Overstyret for Fjæremfossen kommunale kraftselskap 1952–63 og styremedlem i Trondheim elektrisitetsverk 1964–68.
I 1969 vart han tildelt Kongens fortenstemedalje i gull.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Per Almaas» frå , den 23. mars 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Folk frå Selbu Kategori:Ap-ordførarar i Sør-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Strinda Kategori:Fylkesordførarar i Sør-Trøndelag